Portal vignettfoto nyhende

3sfa involvert i spennande byplanleggingsprosjekt

Elevane i 3SFA blei i sommar invitert av arkitektfirmaet Fortunen AS til å delta som aktørar i eit byplanleggingsprosjekt i Førde. Fortunen AS er engasjert av kommunen til å lage ny sentrumsstrategi for Førde. Mottoet til arkitektane er: «Mennesket i sentrum»! 

Tekst: Grete Huus. Alle foto: Svein Myklebust og Grete Huus

Oppdrag: Elevane i 3SFA fekk ei stor oppgåve til eit planlagt arrangement, nemleg å lage forslag til ein inngangsportal bygd av trespiler for ein tenkt festplass. Den skulle vere eksperimentell, litt crazy og ønske folk velkomen!

Vinnarforslag: Elevane har utarbeidd fleire forslag til portalar som blei juryert av lærarane, og to av idèane blei bearbeidd vidare. I siste runde blei det kåra eitt endeleg vinnarforslag, nemleg dette - utforma av Ellisiv Heltne:

1 Portal av Ellisiv Heltne frå 3sfa.jpg

Over til venstre: Vinnarforslaget, og over til høgre: Ellisiv i arbeid med konstruksjonen undervegs

Ellisiv sitt forslag til portal blei så godt motteke av arkitektane i Fortunen at den mest sannsynleg blir realisert i stort format i Førde litt seinare i år. Det var mange andre gode idèforslag som kom fram i prosessen! Her er nokre av dei:

På bilete ser vi elevar frå klasse 3sfa som arbeider med 3D-modellar av portal

Over: Vilde Ommedal og Hanna Erdal i arbeid. Til høgre det ferdige forslaget

På bilete ser vi to modellar av portalar, designa av elevar i 3sfaOver til venstre: Portal av Malen Solheim og Amalie Bjørkhaug. Over til høgre: Portal av Amalie Einan, Roar Nornes og Josefine Horstad

5 Portal.jpg

Over: Modell av portal, 3sfa

På bilete ser vi seks ulike forslag til portalar, designa av elevar i 3sfa

​Over: Modellar av portalar, 3sfa

Tips ein ven Skriv ut