"Kven er kven"-quiz
3STC har arrangert quiz med temaet "Kven er kven?" Quizen viste babybilde av Hollywood-kjendisar og nokre av dei tilsette på skulen. Oppgåva var å finne ut kven som var kven! Å rette svararka var moro! Det var mykje fin gjetting og kreative innslag, mellom anna ei kjempefin teikning av ein hest som definitivt fortente eit ekstra poeng!
|
|
2012.01.28 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Foreldremøte/undervegssamtalar for Vg1
Hafstad vidaregåande skule inviterer til undervegssamtale/foreldremøte for Vg1 torsdag 26. januar frå kl. 1800 til kl. 2130. Foreldre/føresette får høve til å samtale med kontaktlærar og faglærarar.
|
|
2012.01.24 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Elevundersøkinga 2012
I veke 4, 5 og 6 gjennomfører skulen elevundersøkinga for 2012. Dette er noko skulen er pålagd å gjennomføre kvart år. Elevar som ikkje er myndige vil få grundig informasjon om undersøkinga i eit skriv frå Utdanningsdirektoratet. Foreldre/føresette skal ha den same informasjonen.
|
|
2012.01.23 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Studieorientering for Vg3
18. januar er representantar frå 9 ulike høgskular og universitet på Hafstad for å informere om aktuelle studium og studiestader for elevane på Vg3. Det blir føredrag og stands heile dagen, og forhåpentlegvis er det mange av elevane på Vg3 som finn ut kva dei har lyst til å gjere etter at dei er ferdige på Hafstad til våren!
|
|
2012.01.18 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Fagval for Vg1- og Vg2-elevar neste skuleår
Før vinterferien skal elevane på Vg1 og Vg2 studiespesialisering velje programfag for neste skuleår. I løpet av eit par veker vil faglærarar komme rundt i Vg1-klassane og orientere om aktuelle programfag. Det vil også bli fagstand i samband med foreldremøtet for Vg1 26.januar. Orientering til Vg2-elevane vil bli gitt i programfagtimar og i midttimar i veke 2.
|
|
2012.01.09 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Julequiz
Tradisjonen tru vart det arrangert julequiz også i år. Og som alltid var kantina full. 45 grupper deltok med 3 personar på kvart lag. Spørsmåla varierte frå aktuelle saker innan politikk og samfunnsliv til meir sesongprega tradisjonspørsmål. Gruppene var gode på julespørsmål og religonsspørsmål, medan dei var mindre flinke på hopprekordar, kunst og gjenkjenning av vokalistar.
|
|
2011.12.19 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Songnissar
Elevane fekk seg ei overrasking då dei kom til lunsj torsdag 15. desember. Songfuglane i personalet hadde reinska stemmene og framførte "God Rest Ye Merry, Gentlemen" i vestibylen. Applausen frå elevane synte at dette sette dei pris på.
|
|
2011.12.16 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Lucia
2STC har miljøveke og kva er vel meir passande med eit luciatog 13. desember? Med tente lys og kvite kapper kom dei gjennom gongane med song. Dei var innom alle klasserom og delte ut lussekattar til elevar og tilsette. 2STC blir ein heit kandidat til miljøprisen 2011/2012!
|
|
2011.12.14 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
"Bad taste"-dag på Hafstad
3STB har nyleg hatt miljøveker med sprell og påfunn. Det vart mellom anna halde quiz og servert kaker, og siste fredagen vart det arrangert "bad taste"-dag. Den dagen var det nok folk utanfor skulen som lurte på kva somme tenkte på då dei kledde på seg om morgonen. Det var ein del rare samansettingar! Beste (ev. verste) klasse vart 1STA, og beste (verste?) enkeltperson var ein lærar som ynskjer å vere anonym..........
|
|
2011.12.05 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Ny innsamlingsrekord for Operasjon Dagsverk!
Elevane på Hafstad vidaregåande skule samla inn kr 143 704,50 til Operasjon Dagsverk 2011, noko som er ny rekord for skulen. Vi takkar alle elevane som deltok for flott innsats, og berømmer OD-komitéen for godt arbeid både med Internasjonal Dag og innsamlingsaksjonen!
|
|
2011.11.29 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Telefonsentralen i drift igjen
"Berit" øydela telefonsentralen vår. Vi har no fått reperarert det meste, men det kan framleis vere nummer som ikkje fungerer. Reparasjonen er mellombels, og ut på nyåret ein gong vil skulen få heilt ny telefonsentral.
|
|
2011.12.01 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Foreldremøte for 10.klasse
Hafstad vidaregåande skule inviterer foreldre og elevar i 10. klasse til møte på skulen torsdag 1. desember kl. 1900. Vi ønskjer å informere om skulen og dei ulike programområda våre, og håper så mange som mogeleg har høve til å komme denne kvelden.
|
|
2011.11.25 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Vurdering for læring
Tysdag 8.11 vil heile skulen nytte føremiddagen til prosjektet "Vurdering for læring". Dette er eit nasjonalt prosjekt, og Hafstad vidaregåande skule er med i første pulje. I løpet av 4 år skal alle grunnskulane og dei vidaregåande skulane i landet delta i prosjektet.
|
|
2011.11.04 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Niels Henrik Abels matematikkonkurranse
Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing. Første runde blir arrangert torsdag 3. november kl. 12.00-13.40.
|
|
2011.10.31 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Osloekskursjon 2011
Hafstadelevane som besøkte USA sin ambassade under Osloturen fekk ei overraskande mottaking…
|
|
2011.10.20 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
|
Viktige tidsfristar
Søknad vigo.no:
|
1. mars (særskilt 1. februar)
|
Privatistar:
|
1. februar/15. september
|
Samordna opptak:
|
15. april
|
Skulerelaterte nettstader
Fylkesrelaterte nettstader
|