Biblioteket er ope alle dagar 07.30 – 15.00
Bibliotekar: Guri Aarhus
I biblioteket på Hafstad vidaregåande skule kan du låna:
* Skjønnlitteratur
* Fagbøker og oppslagsverk
* Tidsskrift og aviser
* Klassesett
*digitale kamera, lydopptakarar og pc'ar
I tillegg til sjølve bibliotekrommet har me også:
* Stille lesesal
* ”Bibliotekstove” med gruppebord
* 6 datamaskiner for søk på internett
* Kopimaskin (får kjøpt kopikort på biblioteket)
Lån
Når de skal låna bøker eller utstyr brukar de utlånsmaskina. Alle elevar på Hafstad har nasjonalt lånekort, dette kortet kan brukast på alle bibliotek i Noreg. Lånetida på bøker og andre media er fire veker. Når de leverer kan de legga bøkene i innleveringskassen som står utanfor biblioteket.
Informasjonssøk
I biblioteket kan du søke informasjon, arbeide åleine eller i grupper, lese aviser og tidsskrift eller bruka datamaskinene. Alle nye klassar får tilbod om opplæring i informasjonssøking. Rettleiing med å finne stoff til oppgåver og prosjekt vert gitt.
Tips om kjeldekritikk, nettsøk og korleis skriva kjeldeliste finn ein på Fronter - Felles info. til alle elevar - Arkiv - Bibliotek
NDLA har også ei grei oversikt over korleis ein skal søkja etter informasjon
Utlånsreglar
Lånetida på bøker og tidsskrift er 4 veker
Oppslagsverk og ordbøker skal ikkje lånast med heim
For sein levering
Dersom bøkene ikkje vert leverte attende i rett tid vert det sendt 2 purringar via e-post. Etter 2 purringar vert det sendt rekning.
NB! Dersom lærebøker ikkje vert leverte ved skuleslutt vert det sendt rekning utan purring først.
Erstatning
Elevar er ansvarlege for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2 purringar utan reaksjon frå eleven vert det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.