Rådgjevarar ved Hafstad vidaregåande skule
SKULERETT OG SØKNAD
 
SKULERETT
Du har rett til tre års vidaregåande opplæring.
Retten må brukast innan utgangen av det året du fyller 24.
Har du begynt å bruke av retten, må du nytte den i løpet av ein periode på 5 år (6 år i lærefag).
 
Du har rett til eitt omval, eitt år ekstra, utan å tape skulerett.
Omvalet må vere på same nivå som det du sist fullførte. Etter Vg1 kan du velje nytt Vg1. Etter Vg2 kan du velje nytt Vg2 som bygger på Vg1 som du alt har.
 
SØKNAD OG RETT TIL PLASS
Du må søkje om plass kvart år. Til Vg2 har du rett til plass på eit programområde som byggjer på Vg1.Du har ikkje rett til plass på ein bestemt skule. Plassar blir tildelte etter poeng utrekna på grunnlag av karakterar.
 
Søknadsfrist: 1. mars, 1. februar for særskilt inntak.
  

Magne Aardal, tlf 57721320, epost: magne.aardal@sfj.no

Bjørg Indrebø, tlf 57721321, epost: bjorg.indrebo@sfj.no

 

 

 

 

 

 



Skriv ut


Tilbake
Copyright © Hafstad VGS