Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagd for vaksne
Etter 01.01.07 skal vaksne søkjarar kontakte den næraste vidaregåande skule for råd og rettleiing om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.
Dette bør du vite:
- vaksne, som har fullført grunnskule, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år.
- denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon
-
du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller som du har tileigna deg på annan måte
-
realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med deler av opplæringa
-
fylkeskommunen tilbyr den opplæringa du måtte ønskje, enten som kurs spesielt tilrettelagde for vaksne eller som nettbaserte opplegg
-
kontakt din næraste vidaregåande skule for informasjon og hjelp/rettleiing om dine opplæringsønske
Dersom Hafstad vidaregåande skule er din næraste vidaregåande skule, kan du kontakte oss på tlf. 57 72 13 00 (sentralbord).
Kontaktperson: Reidun Buanes, tlf: 57 72 13 08 eller e-post: reidun.buanes@sfj.no