Overordna nasjonale mål:
”Opplæringens mål er å ruste barn, unge og voksne til å møte livets oppgaver og mestre utfordringar sammen med andre. Den skal gi hver elev kyndighet til å ta hånd om seg selv og sitt liv, og samtidig overskudd og vilje til å stå andre bi.”
Frå ”Læreplan for grunnskole og vidaregåande opplæring”
Overordna mål for Hafstad vidaregåande skule:
Hafstad vidaregåande skule skal gje ei opplæring som sikrar alle elevar ei god fagleg og sosial utvikling i eit trygt fellesskap og eit motiverande læringsmiljø.
Hafstad vidaregåande skule skal stå for kunnskap, engasjement og fellesskap. Alle tilsette skal i si daglege gjerning vere elevorienterte, handlekraftige, samarbeidande, respektfulle og samfunnsorienterte.
Delmål:
- Å legge til rette for auka kunnskap og personleg utvikling hjå elevane.
- Å få elevane til å ta aktivt del i opplæring og miljøskapande arbeid.
- Å skape og vedlikehalde gode tilhøve mellom lærarar/andre tilsette ved skulen og elevar og elevane i mellom, i og utanfor opplæringssituasjonen.
- Å arbeide for at lærarar og elevar viser kvarandre gjensidig merksemd, toleranse og respekt og utviklar gode rutinar for å forebygge og å handsame problem.
- Å gjennomføre ei løpande vurdering av skulemiljøet for å finne ut korleis stoda er i dei einskilde klassane med omsyn på trivsel, tryggleik og læringsmiljø.
- Å skape eit skulemiljø der alle tek ansvar for at det er ryddig og ordentleg og triveleg.
- Å skape skuleidentitet.