Vidaregåande trinn 1 (Vg1)
Det første året i vidaregåande opplæring vert kalla Vg1. På Vg1 finst 12 ulike utdanningsprogram å velje mellom. Hafstad vidaregåande skule tilbyr 2 utdanningsprogram:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram
- Utdanningsprogram for service og samferdsel
Vidaregåande trinn 2 (Vg2)
Andre året vert kalla Vg2. Dette året tek du til å spesialisere deg ved å velje mellom dei programområda som finst innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. Det finst også nokre få særløp der du kan gå direkte til opplæring i bedrift etter Vg1. Hafstad vidaregåande skule tilbyr 3 programområde:
Studiespesialisering:
- Realfag
- Språk, samfunnsfag og økonomi
Service og samferdsel:
- Sal, service og tryggleik
Vidaregåande trinn 3 (Vg3)
Etter Vg2 følgjer enten vidaregåande trinn 3 (Vg3) i skule eller 2 års opplæring i bedrift.
På Vg3 tilbyr Hafstad vidaregåande skule realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. I tillegg tilbyr skulen påbygging til generell studiekompetanse.
Studiekompetanse eller yrkeskompetanse?
Generell studiekompetanse oppnår ein ved å fullføre og bestå tre års vidaregåande opplæring frå studieførebuande utdanningsprogram.
- Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søkje opptak til universitet og høgskular
- Somme studium stiller krav om spesiell studiekompetanse,
det vil seie spesielle fag, som oftast realfag
- Somme studium har opptaksprøve
- Du får vitnemål som dokumentasjon på studiekompetanse
- Med Kunnskapsløftet blir krava til generell studiekompetanse skjerpa i forhold til tidlegare: Krav til matematikk aukar frå 5 timar/veke til 8 timar/veke
Yrkeskompetanse har du når du er utdanna til å utøve eit yrke. Du får fagbrav eller svennebrev som dokumentasjon på yrkeskompetanse når du har:
- Fullført og bestått tre års fastsett yrkesopplæring i skole
- Du får fagbrev eller sveinebrev som dokumentasjon på yrkeskompetanse når du har
- Fullført og bestått fastsett teoretisk opplæring i skule (det finst unntak frå kravet om bestått)
- Fullført den fastsette opplæringstida i bedrift
- Bestått den praktiske fagprøva eller sveineprøva ved slutten av læretida
- Når du har yrkeskompetanse, kan du gå vidare på fagskole
- Fag- eller sveinebrev gir grunnlag for meisterbrev