Hafstad vidaregåande skule tilbyr både allmennfagleg (studiespesialiserande) og yrkesfagleg utdanning. Skulen har om lag 440 elevar og 60 tilsette.
Skulen held til i eit moderne og spennande skulebygg vakkert plassert ved elva Jølstra.
Gode fysiske forhold, trivsel og motivasjon, aktiv deltaking i læringsarbeid og skulesamfunnet og dyktige lærarar er viktige vilkår for ei god opplæring.
Skulen vår legg stor vekt på å utvikle eit godt og trygt skulemiljø og fellesskap. Det nye skuleåret startar med det vi kallar ”mjuk skulestart” der lærarar og elevar arbeider i lag for å skape eit godt klassemiljø. For alle elvar på grunnkurs vert det arrangert ”bli kjent turar” tidleg i september.
Elevane si aktive deltaking i eige læringsarbeid og i skulesamfunnet er avgjerande for ei god fagleg og sosial utvikling. Vi har dyktige og engasjerte lærarar som vil vere fagpersonar, formidlarar, rettleiarar og medmenneske i elevane sitt læringsarbeid. Vi ønskjer at tida ved skulen skal førebu elevane godt til vidare utdanning, til yrke dei kan trivast med og til eit godt liv saman med andre.
