Spes.ped.koordinator

Spes.ped.koordinator på Hafstad vidaregåande skule er Kari Viken, og det er ho som har ansvaret for å organisere og samordne den spesialpedagogiske opplæring på Hafstad vgs.

Arbeidsoppgåvene for spes.ped.koordinator er mellom anna:
* Organisere spesialundervisninga
* Halde kontakt med føresette
* Vere kontaktperson for elevassistentar
* Vere leiar for spes.ped.teamet
* Ha oversikt over spesiell tilrettelegging ved prøver, og informere om dette
* Samarbeide med ungdomsskular, PPT og andre i hjelpeapparatet

Tilrettelegging på prøver
Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging i samband med prøver og eksamen, må du søkje skulen om dette. 
Slik spesiell tilrettelegging kan vere : 
* Forlengd tid
* Kombinasjon skriftleg/munnleg prøve
* Opplesing av oppgåva og forklaring av vanskelege ord og uttrykk
* Munnleg høyring
* Eige rom/mindre gruppe

Søknadsskjema finn du her. Søknaden må vedleggast dokumentasjon, og leverast spes.ped.koordinator Kari Viken. 

Søknadsfrist: så tidleg som mogeleg i skuleåret.

 

 



Skriv ut


Tilbake
Copyright © Hafstad VGS