Privatisteksamen

Informasjon om privatisteksamen

Ein kan melde seg opp til eksamen i alle fag der det vert halde eksamen, sjølv om ein ikkje er elev ved ein skule. Då er ein privatist i faget. Ein kan ikkje vere både elev og privatist i faget samstundes. 
I Sogn og Fjordane vert all privatisteksamen organisert av eit sentralt eksamenskontor med kontorstad i Førde. Der får du også nærare informasjon og råd om privatisteksamen.
Sjølve eksamen vert gjennomført ved Sogndal vidaregåande skule, Eid vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule. Du kan sjølv komme med ønske om kva for ein av desse skulane du vil ta eksamen ved.
For nærare informasjon om privatisteksamen og oppmelding:
Heimeside: PrivatistWeb.no
Telefon: 41530990
Besøksadresse: Storehagen 1 (SEIF-bygget), Førde
Dersom du er elev ved Hafstad vidaregåande skule, kan du også kontakte rådgjevaren din eller pedagogisk leiar Henrik Arne Losnegaard.
 
Lesedagar for elevar som tek privatisteksamen
Elevar får fri eksamensdagen utan at det blir ført fråvær. Dersom eksamen har obligatorisk førebuingsdag, får eleven heller ikkje fråvær for denne.
Det vert ikkje gitt fri til lesedag framfor privatisteksamen. Dersom eleven likevel vel å ta fri, skal det førast fråvær.


Skriv ut


Tilbake
Copyright © Hafstad VGS