Skulens historie
Skulen har to røter, den private middelskulen som vart oppretta av framsynte folk i 1917, og Handelsskulen, som næringssamskipnaden tok initiativet til i 1965. Felles for dei to skulane er at dei aldri hadde eigne lokale, men flytta rundt i bygda, frå Solvang til Folkeskulebygget, Gamlebanken, Viking og, til sist, Elvegården og Sanderplassen.

I 1970 vart Førde interkommunale realskule og gymnas oppretta. Realskulen vart nedlagd i 1974, men det nyoppretta gymnaset levde vidare. Utover på 70-talet oppstod tanken om ei samanslåing mellom Førde gymnas og Førde handelskule.

Først 1993 var dei to skulane slegne saman til ein skule under namnet Hafstad vidaregåande skule, men framleis i leigde lokale to stader i Førde, på Sanderplassen og i Elvegården. Fem år følgde med strevsam pendling mellom Sanderplassen og Elvegården, for både lærarar og elevar.

16. august 1999 vart ein merkedag. Då kunne ein ønskje elevane velkomne til vakre, moderne og praktiske lokale på Hafstad, bygde for skule og undervisning. Tomta var den gamle yrkesskulen, der Tømmerdal først starta ein metallfagskule i 1930-åra. Det austlege bygget til yrkesskulen er inkorporert i det nye skulebygget.

 



Skriv ut


Tilbake
Copyright © Hafstad VGS

Skulen
 Mål
 Bygget
 Historie
OpplæringstilbodVaksenopplæringRådgjevarMiljøkoordinatorBiblioteketElevsiderEksamenTilsette
Kontaktinformasjon
Hafstad vidaregåande skule
Postboks 294
6802 Førde
Tlf: 57 72 13 00
Fax: 57 72 13 01
Postmottak