OD 2009 går til utdanning av ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Årets samarbeidsorganisasjon er Atlas-Alliansen.
Når du er funksjonshemma ser folk på deg som ei tom bøtte. Ein ubrukeleg ting. Dei forventar at du tiggar, seier Dickson fra Malawi, som mista foten i ei bilulukke.
Viss ingen rundt deg trur at du kan lære, er det til slutt vanskeleg å tru på det sjølv. Ni av ti funksjonshemma i det sørlege Afrika får aldri gå på skule. Skulane vil ikkje ha dei. Dei trur ikkje det er noko poeng å utdanne funksjonshemma, eller dei synest det blir for vanskeleg. Det er også ofte stor skam knytt til det å ha svekt syn, hørsel eller rørsle, eller til det å ha ei utviklingshemming. Difor vel mange foreldre å halde barna heime heile livet.
OD vil kunne hjelpe funksjonshemma ungdom i Malawi, Uganda, Mosambik og Sør-Afrika til å få
- skulegang
- sjølvtillit
- møteplassar
- jobb
Du kan les meir om årets OD-prosjekt her.
Operasjon Dagsverk finn stad fredag 30.oktober. Som vanleg blir det også arrangert Internasjonal dag på skulen. Denne blir avvikla torsdag 29. oktober.
OD-komiteen har laga program for Internasjonal dag. Oppdatert program pr. 27.10 finn du her.
Følgjande er hovudansvarlege for årets Operasjon Dagsverk og Internasjonal dag:
Kristina Sæterdal (leiar)
Andrine Aas Wie
Sesilie Bjørdal
Charlotte Eilin Friis
Tina Hyllestad
Emilie Krumsvik
Anette Nygård
Håkon Olsen
Solgunn Røyrvik
Tore Storehaug