GLEDE x

Gjensidig inspirasjon og samarbeid

-Vi er her for å lære oss om entreprenørskap og samarbeid med andre land. Eg ville vere med for opplevinga, og sjå korleis andre jobbar og dele kunnskap, seier svenske Felicia. Ho var ein av 17 elevar som besøkte Hafstad vgs i november 2017.

Internasjonalt Erasmus+ prosjekt og utveksling til Hafstad vgs., med elevar og lærarar frå Spania, Sverige og Frankrike.

Tekst: Tobias Dyregrov, Ole Johnny Devik

Veka 12.-18 november var Hafstad vidaregåande skule vert for den tredje utvekslinga mellom dei fire skulane, Hafstad vgs. (Førde, Norge), Bell-Lloc (Gironia, Spania), Sven Eriksonsgymnasiet (Borås, Sverige) og Lycee Richelieu (Paris, Frankrike). Prosjektet, som er støtta av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Erasmus+ programmet, har det litt krevjande namnet: "Internasjonalt entreprenørskap med nye metodar". Det handlar om å lære elevane om å drive si eiga bedrift. Kvar av landa har sine eigne fagfelt, der Hafstad vgs. står for mediekunnskap og digitale ferdigheiter.

Glede og fagleg innhald.jpg

GLEDE: Første kvelden var brukt til sosialt samvære og aktivitetar som skulle bryte ned kulturelle og sosiale barrierer (bilete over til venstre). FAGLEG INNHALD: (til høgre)Medieelevane på Hafstad vgs. var mentor for gjestene. Kvar av nasjonane måtte lage ein reklamefilm som skulle lokke turistar til Norge.

-Hafstad er ein annan type skule. Vi kjem frå ein skule som er meir nøye på tid og rom, noko som gjere det lite fleksibelt, seier Anna Grudeen, som er lærar ved Sven Eriksonsgymnaiset i Borås, Sverige. Ho legg til at det er meir samarbeid mellom lærarane her på Hafstad vgs.

Sjå elevane i samspel på utveksling til Hafstad: Eramsus + mobility 2017 Hafstad vgs

Gruppebilete x.jpg

GRUPPEBILETE UNDER BREEN: Elevane og lærarane frå Spania, Sverige, Frankrike og Norge samla ved inngangen til Bøyabreen, Fjærland. Foto: Ole Johnny Devik

Nye metodar og kompetanse

Tema for samlinga i Norge var digital marknadsføring, entreprenørskap og filmproduksjon. Gjennom ei veke skulle elevane og lærarane frå dei fire landa jobbe saman og dele kunnskap. Dette fekk dei med eksterne forelesarar frå Mediebruket, Intin og Ungt Entreprenørskap. I tillegg var det intern mediefagleg, språkleg og entreprenørskapleg undervisning på Hafstad vgs. Tilsaman vart det ei lærerik veke med mange workshops og foredrag. Elevane måtte sjølve finne løysingar innan kommunikasjon, marknadsføring, filmproduksjon og entreprenørskap.

Utvekslinga til Førde er den tredje i eit toårig prosjekt. Frå før har elevane på Hafstad vgs. vore til Girona i Spania og lært om kreative metodar, og fått med seg foredrag av internasjonale bedrift- og organisasjonsleiarar. Dei har også vore i Sverige og deltatt på entreprenørskapsmesse, og fått opplæring i moderne salsteknikk. Totalt har over hundre elevar berre på Hafstad, vore engasjert i samarbeid mellom skulane, sjølv om berre eit titals elevar har fått moglegheit til å reise.

Viktig å vere sosiale
-Pizzaen var god og leikane var morosame, og alle elevane var vennlege, sa ein av dei spanske  elevane om den første kvelden på skulen, der det sosiale var det viktigaste.

Lærar Anna Grudeen meiner Førde er ein vakker plass. Det har vore kjempesosialt, og vi har vore på innandørs volleyball - og spelt internasjonal fotballturnering.

-Fint å møte alle elevane, og snakke med andre kulturar og lære korleis dei oppfører seg når dei går på skulen. Veldig mange vennskap er laga. God pizza og godt selskap - og ein kjekk tilstelning. Slik oppsummerer ein av dei norske elevane den sosiale og kulturelle delen av utvekslinga.

Til våren går den siste turen i prosjektet til Paris, der tema vert import og torghandel.

Språkfagleg møte

Eitt av høgdepunkta for språkfaga var å få besøk av franske elevar i fransk-klassane for vidarekomne, og presentasjon for spansk-klassane på spansk. Ironisk nok var ingen av dei besøkande elevane spansktalande, då dei kom frå Catalonia som har sit eige språk. Dei franske elevane, som hadde spansk undervisning var alle - naturleg nok - frå Frankrike. 

Eva Marie By Vikøren, som går i 1MKA, var ein av elevane som delte fransktimar med dei franske elevane. Begge landa presenterte sine land på fransk.
-Eg synast det var veldig kjekt at vi kunne snakke med studentane og stille dei spørsmål, og presentasjonane var veldig bra, legg ho til.

Elles var alle presentasjonar denne veka, av både lærarar og elevar, samt all undervisning og gruppearbeid, på engelsk. Dei norske elevane i alle klassar kommuniserte såleis på andre språk enn norsk gjennom heile prosjektet. 

Frå Fjærland til Paris
Møtet med Vestlandsnaturen sette sine spor blant dei gjestane. Spesielt etter dagen med filming og opplevingar i Fjærland.

- Eg må ta med familien min og ta ein ferietur tilbake til Fjærland og Vestlandet, sa Anna Grudeen frå Sverige, som også likte seg i Sunnfjord.

-Førde er kjempeflott, skikkeleg vakkert. Eg vil kome tilbake med familien, helst på sommaren, og køyre på dei smale vegane. Slikt har vi ikkje i Sverige.

Felicia frå Sven Eriksonsgymnasiet hadde lite kjennskap til Norge før ho kom til Førde og kontrasten til heimlandet er stor.

- Vi kjem frå ein by med 100.000 innbyggarar. Eg har vore på Norway Cup, og visste at det var mykje fjell her.


Til våren blir det ny utveksling.

18.-24. mars 2018 reiser ein delegasjon med norske elevar frå Hafstad vgs til Paris, der dei møter dei andre elevane som var på besøk i Førde. Forventningane til neste utveksling i Paris er store, og elevane som har vorte plukka ut til å delta har mykje å glede seg til:

- Lista er lagt høgt for utvekslinga i Paris, oppsummerte Joan Talo mot slutten av utvekslinga. Han er prosjektleiar for den spanske samarbeidspartnaren.

Hafstad vgs, og medielinja i Sunnfjord har jobba internasjonalt sidan 2012, men ulike prosjekt.

Workshop som faktisk er workshop x.jpg

WORKSHOP: To av dagane var satt av til workshop og foredrag av m.a. Mediebruket, Intin og Ungt Entreprenørskap. Elevane lagde modellar, jobba med teori kring bedriftsetablering og innovasjon. Foto: Ole Johnny Devik

Prosjektleiarane x.jpg

PROSJEKTLEIARARANE: Lærarane frå Norge, Sverige, Spania og Frankrike, samla ved trappene på Hafstad vgs., siste kvelden før heimreise. I midten Ole Johnny Devik, prosjektleiar for den norske parten ved Hafstad vgs.

Workshop 2 x.jpg

WORKSHOP DIGITAL MARKNADSFØRING: Mediebruket, gjestane og enkelte elevar i vg2 medium og kommunikasjon hadde ein heil dag med tema digital marknadsføring og branding.

Turist og opplæring x.jpg

TURIST OG OPPLÆRING: Dei franske lærarane lærte om miljø og norsk kultur på Bremuseet i Fjærland.

Tips ein ven Skriv ut