01 Gatekunst trapp ved Førdehuset

Har du lagt merke til kunsten som prydar trappa til Førdehuset?

Fredag i førre veke kom det opp gatekunst på trappa til Førdehuset. Dette er eit prosjekt frå tredjeklassingane på kunst, design og arkitektur ved Hafstad vidaregåande skule. -Veldig gøy å få lage noko som ikkje berre blir liggande i hylla, seier Lotte Bruland, ein av elevane bak kunsten. (Klikk på tittelen for meir info)


Tekst og foto: Sanne Slåtten, Firda.

Kunsten var eit prosjekt elevane hadde i faget «foto og grafikk» der dei i haust har hatt gatekunst som tema. Læraren bak er Silja Juklestad som fortel om tanken bak prosjektet.

– Tanken bak prosjektet var å i større grad la inngangspartiet synleggjere alt det kreative og alle mogelegheitene Førdehuset inneheld. Kva som opnar seg bak dørene, fortel Juklestad.

Stemte over motivet

Alle i klassen fekk sjølv lage eit forslag på motiv, og så skulle dei stemme på kva motiv som skulle bli stilt ut. Det var Sonja Holmøy-Wang som trakk det lengste strået.

– Det er veldig kjekt at folk likte det eg har gjort, fortel ho.

På førehand hadde Juklestad bestemt diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge, og Holmøy-Wang tok inspirasjon i dette.

– Sidan diktet handlar at nokon drøymer synest eg at det passa bra med ei dame som ligg på puta og drøymer. Eg ville også få litt farge inn sidan Førdehuset er veldig grått, og då passa det med blomstrar, fortel ho.

Sjølv om det var Holmøy-Wang som stod bak motivet, så har heile klassen vore med på å lage kunstverket.

– Alle har bidrege med utforming av bokstavar, utskjering av sjablongar og spraying, fortel Juklestad.

Gatekunst foto 1.jpg

Over: Foto - Sanne Slåtten

GATEKUNST: Det er denne gjengen som står bak gatekunsten på Førdehuset. F.v Roman Gritco, Tiril Sæterlid, Ingvild Arnesen, Sonja Holmøy-Wang, Lotte Bruland, Helena Dyregrov, Marianne Berg, Eirin Hamre, Silje Marie Agledal og lærar Silja Juklestad. Foto: Sanne Slåtten

– Fått god respons

Kulturleiar ved Førdehuset, Johan Bengtsson, fortel at dei har fått god respons på kunsten på Facebook.

– Vi fekk spørsmålet om dei kunne lage noko her ganske tidleg, og vi var veldig interessert i det. Men vi visste jo ikkje korleis det kom til å sjå ut, seier han.

Bengtsson er nøgd med det ferdig resultatet.

– Det har blitt kjempestilig, og veldig bra at dei valde ein kjend tekst, seier han.

Han synst det har vore ein artig idé, men stadfestar at kunsten ikkje vil vere på trappa for alltid.

– Det er ikkje fastmontert, men vi har ikkje sett noko tid på kor lenge det skal vere der, fortel han.

Tips ein ven Skriv ut