Foto - Den kulturelle skulesekken

Kultur i skulen er viktig!

Elevane på Hafstad får både teater, film og konsertar i skuletida, gjennom Den kulturelle skulesekken. Å formidle kultur er ein del av skulen si oppgåve, seier Anette Drage, som har ansvar for dette tilbodet ved skulen.

Tekst: Tobias Dyregrov

-Mange barn og unge ville kanskje ikkje opplevd desse kulturuttrykka, utan Den kulturelle skulesekken, som er eit kulturtilbod for barn og unge på alle klassetrinn, seier Drage.

Vanlegvis er det to framsyningar kvart skuleår, og tilbodet er for alle dei tre årstrinna. I løpet av dette skuleåret har det alt vore framsyningar for andre- og tredjeklassingane på Hafstad vidaregåande skule. Snart skal det vere ei framsyning som berre er for vg1.

Anette portrett

Over: Anette Drage

-Eg synes vi er heldige som får dette tilbodet, seier Drage.

Kva synst elevane om framsyningane som har vore til no?

-Elevane hadde blanda tilbakemeldingar då dei såg "Fugletribunalet", framført av Sogn og Fjordane teater, i haust. Nokon reagerte på måten skodespelarane snakka på, mens andre syntest det var veldig bra. Enkelte hadde lest boka, og fekk kanskje ein annleis oppleving av handlinga.

Sjølv om framsyningane går samtidig med at elevane skulle ha andre fag, meiner Drage at dette ikkje er noko stort problem i skuletida.

-Kunnskapsministeren seier at DKS er undervisning, og med alle framsyningane finst det pedagogisk materiell som lærarane kan bruke.

Er det skulen si oppgåve å drive kulturformidling?

-Ja, det er det. For det er skulen si oppgåve å utdanne heile mennesket, som det står i den generelle læreplanen.

Det kjem fleire kulturtilbod til skulen framover. Ein av desse er ein dokumentarfilm som heiter "Den norske islamisten". Deretter kjem "Tracks", ei surrealistisk framsyning med musikk og bilete som beveger seg, og "Språklege forvandlingar", der ein oversettar kjem til skulen for å jobbe med elevane.

DKS tilbyr mange spennande framsyningar for elevar vidare i dette skuleåret. I tillegg til DKS finst det også eit kulturtilbod for eldre. Tilbodet heiter då den kulturelle spaserstokken.

Har du lyst til å vite meir om den kulturelle skulesekken? Gå inn på denne lenkja:  http://www.denkulturelleskolesekken.no/

- eller til Sogn og Fjordane fylkeskommune - Den kulturelle skulesekken: http://www.skulesekken.no/

Tips ein ven Skriv ut