Fire menn som står på ein grøn kunstgrasbane i solskinn. Fjell og hus i bakgrunnen. Dei fire er Trond Teigene, Svein Olav Myklebust, Frank Tore Tveit, Tore Dvergsdal.
Fire menn som står på ein grøn kunstgrasbane i solskinn. Fjell og hus i bakgrunnen. Dei fire er Trond Teigene, Svein Olav Myklebust, Frank Tore Tveit, Tore Dvergsdal.

Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust i NFF Sogn og Fjordane, Frank Tore Tveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest er glade for å kunne bidra til arbeidet mot plastforureining frå kunstgrasbanar. Foto: Inger Marie Lien/Sparebanken Sogn og Fjordane

Nye 510 000 kr til fotballen sin kamp mot mikroplast

Til våren får idrettsparkane i Fjaler, Vik og Eid nye skorister til å samle opp gummikuler frå kunstgras. Fylkeskommunen, fotballkrinsen og sparebankane bidreg med pengar.

Fokuset på mikroplast og skadene for miljøet har vore stort det siste året. Med tanke på idretten sitt ansvar for å avgrense problemet har NFF Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og sparebankane tatt grep for å minimere avrenning av gummikuler frå kunstgrasbanar.

Tiltaket vi lanserte i haust, gjekk ut på å installere filter i avløpskummane rundt kunstgrasbanane, slik at ein kunne fange opp og resirkulere gummikuler som hamna utanfor bana. Dette arbeidet er godt i gang, og vi har som målsetting at alle kunstgrasbanane i fylket skal ha slike filter montert til sesongen er i gong i 2019. No presenterer vi neste tiltak:

Skorister mot gummikuler

Gjennom bidrag frå sparebankane, fylkeskommunen og baneeigarane, installerer vi no nye inngangssluser med skorister ved tre kunsgrasbanar. Skoristene gjer at spelarane får gummi av sko/klede før dei forlét bana.

For at tiltaket skal vere effektivt, må trafikken til/frå bana gå naturleg over ristene og bana må ha gjerde og ballfangarnett rundt; difor er idrettsparkane i Fjaler, Vik og Eid valde.

Slusene med skorister vil bli montert i løpet av våren 2019.

Bankane bidreg

Miljøarbeid handlar òg mykje om klubbkultur og oppfølging. NFF Sogn og Fjordane og klubbane vil difor følgje opp med å utvikle og implementere NFF sine tilrådde rutinar for resirkulering av gummien, slik at problem med avrenning av gummi blir minimal ved desse banane.

Det er sett av 510 000 kr til prosjektet. 255 000 kr av desse er tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune si tilskotsordning til klima og miljøtiltak, som eitt av tiltaka i den nye «Regional plan for klimaomstilling», og baneeigarane sin eigendel er på 120 000 kr.

Det er òg gledeleg at både Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane (via sparebankstiftingane) ser verdien av tiltaket og bidrar i fellesskap med 135 000 kr til prosjektet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven