01 Praktikant frå Nederland

Praksiseleven frå Nederland

I veke 10 og 11 fekk KDA-linja besøk av ein student frå Nederland som gjerne ville sjå korleis det var å vere kunstlærar i Norge. Tamara Van Lieshout var inne og observerte på alle tre årstrinn, og hadde eit eige opplegg i 1KDA. 

Tekst og foto: Karoline Vie
 
Elevane i 1KDA fekk tips til korleis dei kunne gå fram for å teikne raske skisser på 10 og 5 minutt. Internett humor, eller såkalla «memes», vart nytta som bileta elevane skulle teikne. Dette resulterte i fleire artige uttrykk til slutt.
 
Tamara som var på Hafstad vgs i 2 veker - fekk sett korleis vi gjennomfører utdanningsval. Ho besøkte kunstmuseet, og fekk også sett utstillinga i Førdehuset der tidlegare elevar frå heimyrkjeskulen var representerte. Under utdanningsval viste ho fram sin eigen framgangsmåte på digital teikning.
 
Praktikanten frå Nederland.jpg
 
Over: Praksiseleven Tamara Van Lieshout frå Nederland, og oppgåver på KDA. Foto Karoline Vie
Tips ein ven Skriv ut