Hafstad vidaregåande skule
Hafstad vgs profilbilete FB2

Studietilbod ved Hafstad vgs

Hafstad vgs har tre spennande studietilbod, som alle er studieførebuande: Kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, og studiespesialisering. 

Her kan du lese meir om:

Kunst, design og arkitektur Ved å gå på KDA vil du få studiekompetanse, i tillegg til kunnskap og ferdigheiter innan Kunst (teikning, maling, fargar, trykk, skulptur, installasjonar m.m), Design (grafisk design, layout, skrift, produktdesign, industridesign og digitale verktøy), og Arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, modellar av arkitektur, interiør m.m). 

Medium og kommunikasjon Ved å gå på medium og kommunikasjon vil du få lære om, og arbeide praktisk med foto, film, lyd, design, skrift, digitale verktøy og sosiale medium. Programområdet er studieførebuande, noko som gjer til at du kan studere vidare på dei aller fleste høgskular og universitet.

Studiespesialisering Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram) passar godt for deg som trivs med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Du vel fordjuping innan realfag, eller innan språk, samfunnsfag og økonomi.

Avisannonse 1G, JPG-fil.jpg

Tips ein ven Skriv ut