Hafstad vidaregåande skule
Utdanningsval hausten 2018

Utdanningsval ved Hafstad vgs hausten 2018

Denne veka fekk vi besøk av ein flott gjeng 10. klassingar under utdanningsval 29.-30. oktober. Dei hospiterte på dei tre programområda ved skulen, studiespesialisering, medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur. (Klikk på tittelen for å få opp informasjon og foto frå dei to dagane)

Studiespesialisering:

Måndag 29. oktober tok rådgjevarane Magne Aardal og Bjørg Indrebø imot elevane i kantina. Der orienterte dei om skulen, og om opplegget for utdanningsval.

Elevane som besøkte studiespesialisering (ST) fekk i løpet av dei to dagane med seg biologi (med Kjellfrid/Hans Otto), rettslære (med Knut), fysikk (med Borgny), økonomi (med Linda H.), engelsk (med Ingvild B.), spansk (med Maria og Christine), kjemi (med Leon) og IT (med Alf-Tore). I tillegg fekk dei m.a. informasjon om PC-ordninga og idrettstilbodet ved skulen, med adm. leiar Magne Frøholm og avd.leiar Jan Taule.

Medium og kommunikasjon:

Måndag 29. oktober hadde elevane i vg2-klassen på medium og kommunikasjon ansvaret for opplegget under utdanningsval. Det blei organisert til saman fem workshops: Ein for lyd, to med studiofoto, ein der dei fekk prøve seg med film m. gaming, og ein workshop for film. Kvar hospitant fekk prøve ut to ulike workshops denne dagen.

På den andre dagen blei det orientert om programområdet,- både frå rådgjevar Bjørg Indrebø, film og fotolærar Johnny Flaten, og frå tidlegare MK-elevar, bla. Martha Pukallus. Frå kl. 10.00-13.25 blei det lyst ut ein konkurranse. Hospitantane blei delt inn i grupper, og konkurrerte om å lage den beste filmen ved hjelp av opptak med mobilkamera. Tema for filmane var "vennskap", "halloween" eller "haust". Her blei det laga mange, flotte filmar!

Frysbilete tatt i studio

Over: "Frysbilete". Utd.valelevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

02 Frysbilete m masker.jpg

Over: "Frysbilete". Utd.val-elevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

Hanna Ahmed Hassan 1.jpg

Over: Utd.val-elevar i studio for å ta "Frysbilete". Foto - Hanna Ahmed Hassan

03 Frysbilete.jpg

Over: "Frysbilete". Utd.val-elevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

04 Frysbilete6.jpg

Over: "Frysbilete". Utd.val-elevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

Lysmåling 1.jpg

Over: "Lysmåling". Utd.val-elevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

Lysmåling 2.jpg

Over: "Lysmåling". Utd.val-elevar i samarbeid med 2mka-elevar, Hafstad vgs

MK1, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto - Ole Johnny Devik

MK2, foto - Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto - Ole Johnny Devik

MK3, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto - Ole Johnny Devik

Utdanningsval hausten 2018, Eva By Vikøren.jpg

Over: Foto - Eva By Vikøren

Hanna Ahmed Hassan 2.jpg

Over: Foto - Hanna Ahmed Hassan

Kunst, design og arkitektur

Måndag 29. oktober: Dagen starta med orientering om skulen, med rådgjevarane Bjørg Indrebø og Magne Aardal. Deretter fekk elevane prøve seg på ei oppgåve i faget Design og arkitektur, der dei utforma ein 3D-modell av ein portal. Faglærar Svein Myklebust var ansvarleg for prosjektet.

01 Utdanningsval Svein Myklebust.jpg

Over: Foto Svein Myklebust

02 Utdanningsval Svein Myklebust.jpg

Over: Foto Svein Myklebust

03 Utdanningsval Svein Myklebust.jpg

Over: Foto Svein Myklebust

Etter lunsj fekk dei ei oppgåve med Wenche Steinsvik, der dei teikna landskapsmotiv med fargeblyantar og akvarellblyantar. Problemstilling: Korleis skape illusjon av djupne/rom med farge, linje, form og tekstur i eit landskapsmotiv?

01 Akvarell.jpg

Over: Foto - Wenche Steinsvik

Andre dag. Dagen starta med orientering frå miljøkoordinator Ane Birkeland og frå elevrådet. Deretter fekk gjestane våre orientering om programområdet KDA med avd.leiar Mona Fossdal. Etter dette hadde dei ei lita oppgåve med Wenche Steinsvik, der dei arbeidde med tema: Portrett gjennom kunsthistoria frå Antikken til i dag. Elevane teikna portrett etter inspirasjon frå Art Nouveau og Kubisme.

02 foto KDA m Wenche Steinsvik.jpg

Over: Foto - Wenche Steinsvik

03 foto KDA m Wenche Steinsvik.jpg

Over: Foto - Wenche Steinsvik

04 foto KDA m Wenche Steinsvik.jpg

Over: Foto - Wenche Steinsvik

05 foto KDA m Wenche Steinsvik.jpg

Over: Foto - Wenche Steinsvik

Etter lunsj denne dagen, jobba dei med design og bretting av papirmateriale, med Grete Huus. Grete starta med å vise litt av dokumentaren «matematisk brettekunst» som viser korleis designarar og forskarar innanfor forskjellige teknologigreiner har fått augene opp for mulighetane denne metoden gir. Hospitantane fekk sjå flotte eksempel på datautrekna bretting av ulike kunstobjekt, edderkoppar og andre vesen og industriell bretting i metall av bilkarosseri og flyvengjer. Elevane fekk lage to bretteobjekt som dei kunne ta med heim. Tre av elevane i klasse 3KDA var også med som vegleiarar.

Vi håper hospitantane hadde to fine dagar hos oss, og ønskjer alle velkomne tilbake!

Tips ein ven Skriv ut