Hafstad vidaregåande skule
Bollywood

1KDA-elevar dekorerte eit rom under Bornas verdsdagar

1KDA fekk i oppdrag å dekorere Sakralrommet på Førdehuset i forbindelse med Bornas verdsdagar, som blei arrangert laurdag 25. november i Førde, med tema Bollywood danseverkstad.

Karoline Vie fortel vidare: Elevane har bretta blomar i papir, klipt og limt saman fargerike krepp papir blomar, laga dansarar ikledd krepp papir klede, bretta papirremser i alle regnbogens fargar og laga bygningar i papp. Etter fem vekers arbeid, fekk elevane henge opp dekoren inne på sakralrommet og fekk endelig sjå det ferdige resultatet av arbeidet deira.

Resultatet blei veldig bra! Elevane i 1KDA fekk også hjelp av faglærarane Trude Husøy, Svein Myklebust og Karoline Vie til dette prosjektet. Her er foto frå det dekorerte rommet:

Bollywood av 1KDA, foto a) av Karoline Vie.jpg

Over: Dekorert rom under Bornas verdsdagar hausten 2017. Foto Karoline Vie

Elevar frå klasse 1KDA dekorerer eit rom i Førdehuset i \

Over: Frå prosessen der klasse 1KDA dekorerte eit rom under Bornas verdsdagar hausten 2017. Foto Svein Myklebust

Bollywood av 1KDA, foto c) av Karoline Vie.jpg

Over: Blomar laga av silkepapir. Foto Karoline Vie

1KDA-elevar, foto Svein Myklebust.jpg

Over: Elevar frå klasse 1KDA heng opp dekor til arrangementet Bornas verdsdagar. Foto: Svein Myklebust

Her kan du også sjå informasjon om programmet for Bornas verdsdagar, henta frå Førdefestivalen si nettside:

Bornas Verdsdagar Førde 2017

For åttande år på rad ønskjer vi velkomen til gratis familiefestival i Førdehuset, med miniverkstadar, aktivitetar, verdsscene og internasjonal kafé. 

PROGRAM:

kl. 11.30 OFFISIELL OPNING i Festsalen

               Med ordførar Olve Grotle og verdskoret med born frå fire barnehagar i Førde. 

kl. 12.00 - VERKSTADANE STARTAR   

På Bornas Verdsdagar kan du prøve deg som bollywooddansar, spele fele, synge, lære den brasilianske nasjonaldansen capoeira og du kan bli med på eventyrforteljinga om dragen Pan Gu, der alle får bruke ulike rytmeinstrument. Du kan også få med deg forteljarkonserten Feleflaum og sogestraum, som vert vist to gonger i Teatersalen. På biblioteket er det laga ei magisk eventyrhole, der du kan roe ned og høyre på eventyr frå andre land. I biblioteket kan du også få namnet ditt skrive på eitt eller fleire spennande språk. 

På Verdsscena i Festsalen, vert det song, musikk og danseinnslag frå ulike kantar av verda. 

Alle verkstadane på Bornas Verdsdagar Førde er gratis, og du treng ikkje melde deg på. Her er det berre å møte opp utanfor, så prøvar vi å få plass til alle. Ei økt på verkstaden varer i ca 20 minutt, og dei fleste verkstadane går to gonger i timen. Det er lov å gå fleire gonger. Verkstadane går i rom som er dekorerte etter temaet på verkstaden, og vi tek i bruk heile Førdehuset: Scena i storsalen, møterom, biblioteket, Musikkrommet, Eventyrrommet, Festsalen og Teatersalen. Andre kjekke aktivitetar er ansiktsmåling og teikning. 

Fargerike Førde, den populære internasjonale kafeen i regi av Frivilligsentralen i Førde er også ein del av arrangementet i Førdehuset laurdag.  I utstillingssalen vil det bogne av mat frå mange land, så her er det råd å smake mat frå heile verda. Hugs å ta med kontantar, for kafeen har ikkje bankterminal. 


Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde, Sogn og Fjordane Teater, Førde Bibliotek og Sogn og Fjordane fylkeskommune . Konseptet starta som eit arrangement i Oslo i regi av Rikskonsertane, men har i løpet av dei siste åra spreidd seg til heile landet. I Førde arrangerer vi Bornas Verdsdagar for sjuande år på rad.

Tips ein ven Skriv ut