Hafstad vidaregåande skule
Death Trip 3

2MKA finalistar i DeathTrip!

2MKA ved Hafstad vgs har blitt plukka ut som ein av ti skular, som får delta i finalen til DeathTrip! Nesten 100 klassar har vore påmelde frå heile landet. DeathTrip er ein landsdekkande konkurranse der elevar frå vidaregåande skular blir engasjert til å utforme haldningskampanjar mot ruskøyring. 

Dette er 4. gang vi er med i finalen, og for to år sidan kom 2MKA ved Hafstad vgs på 1. plass! Klasse 2mka har arbeidd tverrfagleg og gruppevis i mediefaga med prosjektet, og har utforma både plakatar og filmar. Det er kampanjen «Uansett» som har blitt velt ut til finalen. Elevar som har vore involverte i «Uansett-kampanjen» er: Karoline, Ulric, Markus, Sebastian, Adrian, Malin, Magnus, Valeriia, Torveig og Gjertrud. (Sjå bilete av plakaten som er utforma av Sebastian Løvik Kjær, i ingressfotoet)

Involverte lærarar frå MK: Siri-Ann Roska, Johnny Flaten og Mona Fossdal. Siri-Ann har vore hovudansvarleg for Death-Trip prosjektet.

Finalen blir i Oslo på Saga Kino den 15. mai 2018 kl. 10.00, og arrangørane vil dekke reiseutgiftene til Oslo for fire elevar og ein lærar. På nettsida til maungdom.no kan du finne meir informasjon om konkurransen.

​Vi gratulerer elevane i 2mka med finaleplassen, og ønskjer klassen lukke til vidare!

Tips ein ven Skriv ut