Foto frå Bakka i Nærøyfjorden. Biletet er teke nede ved fjorden, og vi ser eit par naust og kyrkja i bakgrunnen. Skodda heng nedover fjellsidene, og fjelltoppane har fått eit snødryss.
Foto frå Bakka i Nærøyfjorden. Biletet er teke nede ved fjorden, og vi ser eit par naust og kyrkja i bakgrunnen. Skodda heng nedover fjellsidene, og fjelltoppane har fått eit snødryss.

Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

No kan du søkje om infrastrukturmidlar til reiselivet

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane. Søknadsfrist er 15. februar 2019.

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstadar og kulturattraksjonar.

Du må søkje elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no for å få søknaden din handsama.

Du kan lese meir om søknadsprosessen, kriterium og krav til søknad her.

Prioriterte tiltak og prosjekt

Enkelte prosjekt og tiltak vil bli prioritert, desse inkluderer:

  • Tiltak som stør opp om vandring som aktivitet
  • Tiltak som skapar auka trafikk i skulder- og vintersesong
  • Tiltak som bidreg til auka verdiskaping til reiselivsbedriftene i området
  • Tiltak som støttar opp under fleire attraksjonar/reiselivsbedrifter
  • Tiltak som medverkar til auka overrislingseffekt
  • Prosjekt med forankring i destinasjonsselskapet i regionen

Prosjekt som tidlegare har fått støtte til dei første prosjektåra kan få prioritet ved tildeling i 2019 for å kunne fullføre prosjektet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven