Tre bilete frå trivselsskogen i Gloppen. Bileta viser utebenker og -bord, sti med hjartesteinar og foss ved sti.
Tre bilete frå trivselsskogen i Gloppen. Bileta viser utebenker og -bord, sti med hjartesteinar og foss ved sti.

Alle bilete frå Trivselsskogen på Sandane. Til høgre juryen med Arne Monrad Johnsen, Stig Vattekar, Per Hilleren og Elisabeth Dahle. Foto: Gloppen kommune

Trivselsskogen på Sandane kåra til beste turruta i fylket

Trivselsskogen vert finalisten frå Sogn og Fjordane når den mest populære turruta i landet skal kårast under Stikonferansen i mars.

Trivselsskogen vann fylkesfinalen klart med 95 poeng. Ansvarleg organisasjon er Trivselskogen SA, i samarbeid med Midtre Nordfjord Turlag. Dei andre to turrutene i fylkesfinalen var Ofta–Torsstein ved Lærdal Turlag (66 poeng) og Skålatårnet ved Skålastilaget (65 poeng).

Prisen på 25.000 frå fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen vart delt under kommunestyremøtet i Gloppen heradshus onsdag 19. desember 2018. Den nasjonale kåringa skal skje på Stikonferansen i Bergen 18.–19. mars.

Per Hilleren i Gjensidigestiftelsen deler ut prisen for Beste Turrute i Sogn og Fjordane til  Trivselsskogen SA ved Christine Aagård Midthjell og samarbeidspartner Midre Nordfjord Turlag ved Vegar Fagerli. Dei held fram kvart sitt diplom.
​Juryformann Per Hilleren frå Gjensidigestiftelsen (i midten), delte ut prisen til Trivselsskogen SA ved Christine Aagård Midthjell og samarbeidspartnar Midre Nordfjord Turlag ved Vegar Fagerli. (Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Jury og nettrøysting

Fylkesjuryen la til grunn Gjensidigestiftelsen sine kriterium, der nærleik til folk og haldeplassar var det som skilde mest. Alle kom svært godt ut på turopplevingar. Best på marknadsføring var Skålatårnet.

I tillegg til juryen si vurdering talde også nettrøystinga på www.turrute.no i sommar 50 prosent. Resultatet på nett var Trivselsskogen (797 stemmer), Ofta-Torsstein (487 stemmer) og Skålatårnet (445 stemmer).

Spleiselag for folkehelse

Kåringa er ein lekk i eit fleirårig spleiselag mellom fylkeskommunane, frivillige lag og organisasjonar og Gjensidigestiftelsen. Målet har vore å få på plass gode og godt merka stiar i nærområdet til folk, for å gjera det lettare å gå på tur. Betre folkehelse har vore eit overordna mål.

I landet er det dei siste fire åra sett opp 63.900 turskilt og 7300 infotavler gjennom «turskiltprosjektet». Det er lagt ned nesten 100.000 dugnadstimar, og søkt om 10300 grunneigarløyve.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har forvalta ordninga i Sogn og Fjordane.

Fylkesjury:

  • Per Hilleren, Gjensidigestiftelsen (juryformann)
  • Elisabeth Dahle, Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane
  • Stig Vattekar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven