Arlen Bidne, Sveinung Rotevatn og Karen Marie Hjelmeseter står oppstilt ved ein vegg og smiler.
Arlen Bidne, Sveinung Rotevatn og Karen Marie Hjelmeseter står oppstilt ved ein vegg og smiler.

Frå venstre: Arlen Bidne, seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sveinung Rotevatn, statssekretær i Klima- og miljødepartementet, og Karen Marie Hjelmeseter, leiar i hovudutval for kultur og næring. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil mobilisere engasjement for kulturminne

Fylkeskommunen var godt representert då Klima- og miljødepartementet arrangerte innspelsmøte i Førde i samband med den komande stortingsmeldinga om kulturminnepolitikk. 

– Det er essensielt i kulturminnearbeidet å klare å leggje til rette for at alle kan ha høve til å engasjere seg og ta eit ansvar for kulturminna. I arbeidet med lokale kulturminneplanar i Sogn og Fjordane, har vi opplevd både mobilisering av engasjement for nettopp dette.

Det sa leiar i hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Karen Marie Hjelmeseter, då ho ønskte velkomen til innspelsmøtet om kulturminnemeldinga 8. januar.

– Skal vi lukkast med kulturarven som ein aktiv kraft i samfunnsutviklinga, må deltaking og oppleving stå sentralt når vi formar dei nye måla. Difor er det viktig å styrke og bygge opp omkring den viktige frivillige innsatsen og setje kommunane betre i stand til å kunne prioritere kulturminnearbeidet, heldt Hjelmeseter fram.

Nye utfordringar

Om lag 30 personar frå kommunar, fylkeskommunar, museum, frivillige organisasjonar møtte for å gi innspel til arbeidet med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken. Møtet i Førde 8. januar var eitt av fire innspelsmøte Klima- og miljødepartementet arrangerer nasjonalt.

Les meir om arbeidet med kulturminnemeldinga på regjeringa sine nettsider.

Statssekretær Sveinung Rotevatn møtte frå departementet. I si innleiing var han innom nye utfordringar for kulturminneforvaltninga: både klimautfordringane, og at det frå 2020 vert overført mange nye oppgåver frå Riksantikvaren til dei nye fylkeskommunane når det gjeld forvaltninga av kulturminne.

Balanse mellom vern og bruk

Seniorrådgjevar Arlen Bidne heldt innlegg på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho etterlyste fleire og meir differensierte og effektive verkemiddel som fylkeskommunane kan gjere seg nytte av for å ta vare på dei regionalt viktige kulturminna.

Bidne understreka at det er trong for å snakke meir om bevaring utan å vere redde for å bli oppfatta som bakstreverske.

– Det er behov for ein betre balanse mellom vern og bruk. Vi må ikkje vere redde for å sei at noko skal bevarast. Det at vi snakkar om vern er ikkje ein motsetnad til bruk, men vi må vere bevisst på kva slags bruk som er eigna til dei ulike kulturminna.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven