2m 2j 4rldzs
 2m 2j 4rldzs

Illustrasjonsfoto: Carlo Aall

Kva val må vi ta i dag for å klare klimamåla?

23.–25. april inviterer vi saman med ei rekkje samarbeidspartnarar til den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal. Tema for årets konferanse er klimaomstillingsval.

 

Forskarane seier at vi har 12 år på å klare omstillinga som er naudsynt for å nå 1,5 gradersmålet. Kva val, både personlege og politiske, må vi ta i dag for å klare å nå det målet, og for å tilpasse oss eit klima i stadig endring?

Gjennom konferansen ønskjer vi å tematisere korleis forsking, forvaltning, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan bidra til å klimaomstille samfunnet.

Målgruppene er tilsette i kommunar og andre offentlege verksemder, politikarar, forskarar, næringslivet, konsulentar og studentar.

Program og påmeldingsskjema kjem. Hald av datoen!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven