Krafttak mot kreft

Rekordinnsamling for Førderussen

Russen på Mo og Øyrane- og Hafstad vidaregåande gjekk onsdag 13 mars i lag saman om Kreftforeningen sin årlege aksjon Krafttak mot kreft. I år samla dei inn pengar til forsking på kreftformer få overlever. Foreløpig oppteljing viser at dei har samla inn til ny rekord, 204 940 kr, og endå kan det bli meir på den digitale innsamlinga. Fantastisk! 

Russen har hatt ein aksjonskomite på tvers av skulane som består av Steffen Fjellestad, Roghayeh Hasani, Malene Breingsnes Aalen frå Mo og Øyrane, Ingebjørg Ness, Maria Kvamme, Tomine Haaland Furlid  og Frida Furelid Nygård frå Hafstad. Desse elevane har hatt kontakt med kreftforeningen og organisert aksjonen og jobba mykje med å rekruttere bøssebærar og skape engasjement i sosiale media.

Støtt krafttak mot kreft.jpg

Vi miljøkoordinatorane kunne stolte sjå kor godt elevane fekk det til og vil applaudere dei kjekke ungdommane som fekk dette til både i aksjonsgruppa og alle dei over 150 elevane som var med å bidrog!

Liv Jorunn Sellevold | Miljøkoordinator på MOY                  Ane Birkeland | Miljøkoordinator på Hafstad

Tips ein ven Skriv ut