Utdanningsval hausten 2019

10-klassingar på besøk til Hafstad vgs.

Måndag 28. oktober fekk vi besøk av ein kjekk gjeng med 10-klassingar, som hospiterte på Hafstad vgs under utdanningsval. Hospitantane blei ønskt velkommen i kantina med rektor Nina Bygstad, og fekk informasjon med rådgjevarane Bjørg Dagunn Indrebø og Magne Peder Aardal.

Studiespesialisering

Måndag 28. oktober:

Etter fellesinformasjonen, blei hospitantane delt inn i tre grupper. Faglærar Hans Otto Holme hadde biologi (realfag) med hospitantane. Linda Størseth Hvidsten hadde økonomifag med samfunnsfag/språkgrp. A), medan grp. B hadde engelsk med Ingvild Haavet Bjørnson. Etter matpausen blei det felles quiz i kantina, organisert av miljøkoordinator Ane P. Ø. Birkeland og elevrådet. Dagen blei avslutta med IT/realfag med Alf-Tore Kirkeli, rettslære med Knut Jon Sunde (samfunnsfag/språk grp. A), og med spansk med faglærar Eli Obrestad (samfunnsfag/språk grp. B)

ST biologo, Hans Otto, foto Madeleine.jpg

Over: Biologi. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

ST biologo, naturfag, Madeleine.jpg

Over: Biologi. Foto – Madeleine Stubhaug, 2mka

ST Språkfag med Ingvild, Madeleine.jpg

Over: Engelsk/språkfag. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

ST IT fag med Alt-Tore, foto Madeleine.jpg

Over: IT. Foto – Madeleine Stubhaug, 2mka

Tysdag 29. oktober 2019:

Dagen starta med orientering av miljøkoordinator og elevrådet, deretter blei hospitantane fordelt på tre grupper: Fysikk/realfag med Beate Båtevik, Engelsk/samfunnsfag/språk-grp. A) med Anette Drage, og økonomi med Linda Størseth Hvidsten.

Etter matpausen, orienterte avd. leiar Jan Taule og adm. Leiar Magne Frøholm om idrettstilbodet og PC-ordninga. Gruppene blei fordelt på kjemi/realfag med Franka Fredriksen Høiland, spansk/samf./språkgrp. A med Kari Oddny Viken, og rettslære/samf./språk grp. B. med Knut Jon Sunde.

Medium og kommunikasjon

Måndag 28. oktober:

Etter fellesinformasjonen, informerte Karoline Ueland om organiseringa av utdanningsvaldagane. Opplegget på MK var «elevstyrt» denne dagen. Elevar frå klasse 2mka stod for opplæring i både film og foto, og hospitantane kom innom fire ulike workshops i løpet av dagen. Faglærar Ole Johnny, og avd. leiar Mona Fossdal orienterte elles generelt om programområdet.

MK 3 Madeleine fotografering ved elva.jpg

Over: Workshops på MK. Fotografering ved elva. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

MK 1 Madeleine i glasgården3.jpg

Over: Workshops på MK. Foto i glasgården. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

MK 2 Madeleine foto av Kristoffer.jpg

Over: Workshops på medium og kommunikasjon. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

MK 4 Madeleine filmopplæring.jpg

Over: Workshops på medium og kommunikasjon. Filmopplæring. Foto – Madeleine Stubhaug, 2mka

MK 4 Madeleine fotostudio.jpg

Over: Workshops på medium og kommunikasjon. Fotostudio. Foto – Karoline Birkeland, 2mka

MK 5 Madeleine, Synne og Karoline.jpg

Over: Workshops på medium og kommunikasjon. Foto – Madeleine Stubhaug, 2mka

MK foto av Mona F.jpg

Over: Workshops på medium og kommunikasjon. Foto – Mona Fossdal

Tysdag 29. oktober 2019:

Etter fellesinformasjonen med miljøkoordinator og med elevrådet, kom nokre VG3 MK-elevar på besøk. Dei fortalte om oppdrag og arbeid som dei har jobba med gjennom ungdomsbedrifta dette skuleåret.

Deretter starta hospitantane opp med ein filmkonkurranse! Denne dagen var opplegget lærarstyrt, der mediefagslærarane Dag Erik Solnørdal og Ole Johnny Devik stod for opplegget.

Elevane blei delt inn i seks ulike grupper. Kvar gruppe skulle velje ut eit tema, enten Halloween, haust eller vennskap. Deretter skulle dei bruke mobiltelefon både til å filme- og til å redigere filmane. Alle gruppene gjorde eit imponerandes arbeid, men til sist valte juryen ut tre filmar som utmerka seg ekstra.

1. plassen gjekk til gruppe 6, som bestod av Sander Klakegg og Ole Johan Lefdal frå Halbrend, og Emmerense Kjelstad frå FUSK. Dei lagde ein stemningsfull og fin film som tydeleg fekk fram hausttemaet. God variasjon i motiv og kameravinklar, fin redigering, og kledeleg val av musikk i filmen.

2. plassen gjekk til grp. 2 som lagde ein flott Halloweenfilm. Gruppe 2 bestod av Gabriel Mulen, Kristine Sandøy og Shan Julian Fonn frå Halbrend. Filmen var både creepy og morosam på same tid, og gruppa hadde lagt ned eit solid arbeid med å filme alle dei ulike scenene. Gode lydeffektar, og fin bruk av zooming, rørsle og bruk av ulike kameravinklar for å forsterke stemninga.

Gruppe 4 med Vetle Cirotzki, Visagan Giritharan og Hamid Noor Ali frå Svelgen, fekk også god omtale. Dei greidde å få fram bodskapen om vennskap, ved hjelp av å lage ein animasjon som kun bestod av steinar! Juryen meinte dette var både kreativt påkomme, og godt utført.

Dagen blei avslutta med premieutdeling til vinnarbidraga.

Vinnarar 3 av filmkonkurranse, Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto av dei tre vinnarane til venstre: Sander Klakegg og Ole Johan Lefdal frå Halbrend, og Emmerense Kjelstad frå FUSK. Til høgre: Mona Fossdal, avd. leiar ved MK og KDA på Hafstad vgs. Foto - Ole Johnny Devik

Her er filmane lasta opp: #HafstadVGS   #HafstadMK   #HHV29102019

Kunst, design og arkitektur

Måndag 28. oktober:

Etter fellesinformasjonen på Hafstad vgs om morgonen, blei hospitantane følgt bort til verkstadane i Førdehuset. Her informerte avd. leiar på MK og KDA Mona Fossdal – om programområdet. Deretter starta faglærar Karoline Vie med undervisning i kunst og visuelle verkemiddel. Ho gav hospitantane opplæring i sårsminke. Eit relevant (og nyttig) tema når halloween nærma seg … Deretter fekk elevane prøve seg på moteteikning.

KDA Markus, sårsminke 1.jpg

Over: Moteteikning. Foto: Markus Bolseth Lillestøl

KDA 1 Teikningar, modellar m Karoline, nedskalert.jpg

Over: Moteteikning. Foto: Karoline Vie

KDA 2 teikneprosess m karoline, nedskalert.jpg

Over: Moteteikning. Foto: Karoline Vie

KDA Markus, og tre bilete av William.jpg

Over: Sårsminke. Foto - nedst og oppe til høgre: William Hjertaas Berge. Foto oppe til venstre: Markus Bolseth Lillestøl

KDA 3 Karoline sårsminke.jpg

Over: Sårsminke. Foto: Karoline Vie

Den siste delen av dagen, var hospitantane på atelieet saman med faglærar Wenche Steinsvik, der dei fekk opplæring i kunsthistorie og teikning. Dei lærte om kunstuttrykk i epokar frå Oldtida fram til 2000-talet. Som teikneoppgåve skulle dei velje eit utsnitt av eit kunstverk som dei skulle fantasere vidare på, og lage sine eigne komposisjonar ut i frå. På denne måten blei hospitantane kjent med stilistiske trekk av kunstnarane Picasso, Alfonso Mucha, Keith Haring og ein ukjent samtidskunstnar. Teknikken dei brukte var tusjteikning.

KDA Wenche, fotocollage 2.jpg

Over: Teikning med utgangspunkt i kunsthistorie. Foto: Wenche Steinsvik

KDA Wenche, elevarbeid 9.jpg

Over: Teikning med utgangspunkt i kunsthistorie. Foto: Wenche Steinsvik

Tysdag 29. oktober 2019:

Dagen starta med orientering av miljøkoordinator og elevrådet, deretter gjekk turen til verkstadane i Førdehuset igjen. Denne dagen fekk dei prøve seg på faget design og arkitektur, med faglærar Svein Myklebust.

KDA foto, Svein.jpg

Over: 3D-modellar i faget design og arkitektur. Foto: Svein Myklebust

Etter matpausen hadde Wenche Steinsvik eit opplegg i faget Kunst og visuelle verkemiddel, der elevane fekk kunst- og fagteori, og lærte om både verkemiddel i komposisjon, og om fargelære (fargesirkel og fargeklangar). Dei jobba med ei maleoppgåve, der dei skulle velje ein fargeklang, lage fargeskisse, overføre motiv til maleplate, male motiv med acrylfarge, og tusje detaljar til slutt. Dei skulle også vurdere komposisjonsprinsipp og bruk av detaljar i prosessen.

Vi takkar så mykje for besøket, og håper at hospitantane hadde eit godt utbyte av dagane på alle dei tre programområda!

Tips ein ven Skriv ut