Utdanningsval våren 2020 A1

Utdanningsval ved Hafstad vgs

2. - 3. mars fekk vi besøk av rundt 140 hospitantar frå 9. klasse, i forbindelse med utdanningsval. I løpet av desse to dagane fekk hospitantane informasjon om skulen, deltok på ulike aktivitetar, og dei fekk også prøve ut korleis det er å vere elev på dei tre programområda - Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur, og Medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs. (Klikk på tittelen for foto/informasjon frå dagane)

MEDIUM OG KOMMUNIKASJON

Wubrest, fotocollage utdanningsval.jpg

Over: Frå opplegg ved medium og kommunikasjon. Foto - Wubrest Mesfin Yehunie, 2mka

Collage MF 1 liten.jpg

Over: Frå opplegg ved medium og kommunikasjon. Foto - Mona Fossdal

Collage William og karoline.jpg

Over: Frå opplegg ved medium og kommunikasjon. Foto - William H. Berge og Karoline Birkeland, 2mka

Måndag 2. mars: Dagen starta med ei felles informasjonsøkt. Deretter frå kl. 10.00 blei hospitantane på MK delt inn i fire grupper. I løpet av dagen fekk dei prøve seg både på studiofotografering, fotografering av andre aktivitetar ute, og dei fekk arbeide både med film og med lyd. elevar frå VG2-klassen på medium og kommunikasjon var mentorar, og stod for opplæringa denne dagen.

Tysdag 3. mars: Også denne dagen blei starta med felles informasjon. Deretter fekk hospitantane informasjon om programområdet medium og kommunikasjon, frå faglærar på MK Ole Johnny Devik, og avd. leiar Mona Fossdal. Dei fekk også informasjon om MK frå elevar som går på VG3, Elias, Håkon, Anders og Nikolai. Etter dette blei det organisert ein filmkonkurranse. Hospitantane blei delt inn i grupper på mellom 3-5 elevar, og skulle deretter lage ein film ved hjelp av mobilkamera.

Tema for filmen var enten "Påskekrim", "Vår" eller "Våryr". Det blei gruppe 4 som vant, med Nikolai Ripe, Ola Ripe, Sebastian Bakkelid og Sander Sivertsen. Dei hadde laga ein spennande påskekrim med dramatiske effektar! Dagen blei avslutta med ein MK-quis. Ansvarlege lærarar denne dagen var Karoline Espelid Ueland, Dag Erik Solnørdal og Ole Johnny Devik.

Vi håper at alle fekk eit godt utbyte av dei to dagane, og at vi vil sjå igjen mange som elevar på MK om eit par år!

MK utdanningsval, program B.jpg

Over: programmet for MK for dei to dagane

 

KUNST, DESIGN OG ARKITEKTUR

Måndag 2. mars: Dagen starta med ei felles informasjonsøkt i kantina på Hafstad vgs. Deretter frå kl. 10.00 blei det ei økt med informasjon om KDA i Førdehuset, med avd. leiar Mona Fossdal. Resten av dagen fekk hospitantane jobbe praktisk med KDA-faget Kunst og visuelle verkemiddel. Dei hadde først ei teikneoppgåve med Karoline Vie, der dei starta med å fotografere motiv i Førdehuset, ved hjelp av eit mobilkamera. Deretter tok dei utgangspunkt i desse motiva, og lagde blyantsteikningar med skravering og skuggelegging.

Dei siste timane hadde dei ei oppgåve med Wenche Steinsvik, der dei lagde fargerike komposisjonar og bilete inspirert av kunstnaren Pablo Picasso. (Lenkje til Piqasso-oppgåva).

Tysdag 3. mars: Også denne dagen starta med informasjon på Hafstad vgs. Deretter jobba hospitantane med to ulike oppgåver i faget Design og arkitektur. I den første oppgåva - med Svein Myklebust - jobba elevane gruppevis. Her utarbeidde dei 3-dimensjonale modellar til portalar i materialet arkitektpapp. I den neste oppgåva - med Grete Huus, jobba dei også 3-dimensjonalt. Her lærte dei om origami, og jobba praktisk med ulike papirmateriale. Siste del av dagen hadde dei ei økt igjen i faget Kunst og visuelle verkemiddel, med Wenche Steinsvik. Hospitantane fekk med seg flotte vesker heim, med eigne Piqassoinspirerte trykk på.

Vi håper at alle fekk eit godt utbyte av dei to dagane, og at vi vil sjå igjen mange som elevar på KDA om eit par år!

Collage Karoline 1 liten.jpg

Over: Mobilfoto og blyantsteikning. Foto: Karoline Vie

Over: 3D-design, origami. (Det kjem foto)

02A Svein collage.jpg

Over: Bygging av modellar av portalar. Foto - Svein Myklebust

02B Mona collage.jpg

Over: Bygging av modellar av portalar. Foto - Mona Fossdal

Piqasso collage 2.jpg

Over: Bilete inspirert av Piqasso. Foto: Wenche Steinsvik

(Lenkje til Piqasso-oppgåva)

KDA utdanningsval, program.jpg

Over: programmet for KDA for dei to dagane

 

STUDIESPESIALISERING

BIOLOGI: Kjellfrid Støylen Skilbrei:

På studiespesialiserande har ein høve til å ta programfaget biologi. Biologi er eit fag som er delt i Biologi 1 på vg2, og Biologi 2 på vg3. Biologi er eit fag som tar for seg alt det levande, alt frå prosessar som skjer i det indre i cellene, til korleis økosystema er oppbygd og det samspelet som er mellom alt levande i eit økosystem. Ein lærer om praktiske metodar ein bruke i biologi, til dømes korleis bruke eit mikroskop, kva gjer ein når ein skal kartlegge artar i eit økosystem, og bruk av elektroforese for å finne DNA-profilar.

Biologifagfeltet i samarbeid med dei andre realfaga har hatt ei enormt rask utvikling dei siste 20 åra, og vil mest truleg vere det fagfeltet som vil ha mest å sei for å løyse dei store utfordringane som vi har i verda i dag både i høve klimautfordringar, og innan medisin og folkehelse. 

Hafstad fekk inn to utdanningsval-grupper innan realfaga som var interesserte, glad i å prøve nye ting, og klar for biologiske utfordringar. Elevane fekk sette seg inn i eit pittelite tema, som er viktig i alle fagfelta innafor biologi, nemleg sædcella. Uansett om ein skal utdanne seg til å bli biokjemikar, evolusjonsbiologi, eller lege, så må ein ha kunnskap om denne vesle cella.

Elevane på ungdomsskulen kan litt om celler frå før, så dei fekk vere med på ein vanleg biologitime der dei først lærte om oppbygginga til sædcella, litt om funksjonen til sædcella, og så lærte dei korleis ein brukar eit mikroskop til å sjå på sædceller. Mange fekk kjenne på at det krev god konsentrasjon og lærevilje for å følgje med på gjennomgang på tavla og lære nye omgrep. Det praktiske ved bruk av eit relativt profesjonelt mikroskop var òg utfordrande, men med godt samarbeid og høg utforskingsvilje, gjekk det over all forventning. Tusen takk for to fine utdanningsvaldagar med utruleg kjekke biologi-spirar.

Vi gler oss til at nye, utforskande, diskusjonsvillige og biologiinteresserte elevar står klare til å søkje seg inn til Hafstad vidaregåande i framtida!

 

ST utdanningsval, program.jpg

Over: programmet for ST for dei to dagane