disease-4392136_1920

Korona: Heime-karantene får tilbakeverkande kraft

Alle som er komne tilbake frå område med vedvarande korona-smitte for mindre enn 14 dagar sidan vert no bedne om å halde seg heime frå jobb og skule i 14 dagar frå heimkomst. Dette gjeld sjølv om du ikkje har symptom på sjukdom.

Helsedirektoratet har skjerpa tiltaka for å hindre smitte av korona-viruset. Regelen er no at alle som sjølve har vore i område med vedvarande smitte, skal halde seg i karantene heime i 14 dagar - også om ein ikkje har symptom på sjukdom. Regelen om heime-karantene har tilbakeverkande kraft og inkluderer alle som er komne tilbake frå risiko-område for mindre enn 14 dagar sidan.

Berre dei som har vore på reise i risiko-område

Dette inneber at du ikkje skal gå på jobb eller skule og unngå nærkontakt med andre. Dersom du får symptom på smitte eller sjukdom, skal du kontakte lege.

Det er berre dei som sjølve har vore på reise i risiko-område, som er omfatta av den nye regelen om heime-karantene - ikkje andre familiemedlemer eller nærståande personar, så lenge dei elles ikkje har symptom på smitte. Les meir om kva Folkehelseinstituttet meiner med heimekarantene.

Alle italienske regionar nord for Roma er no definerte som smitteområde. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du meir informasjon om kva som vert rekna som risikoområde.

Dokumentasjon

Elevar og tilsette må kunne leggje fram dokumentasjon på reise/opphald i aktuelle område.