Foto: Mo og Øyrane vgs

Foto: Mo og Øyrane vgs

Mediasushi til NM i ungdomsbedrift

ENTREPRENØRSKAP: Skuleåret 2019-2020 har elevar ved Hafstad vgs og Mo og Øyrane samarbeidd om å arrangere Sushi-kurs, og om å lage informasjonsmateriell til bruk av lokale maritime råvarer innafor matproduksjon.

Tekst: Ole Johnny Devik

Fredag 30. april vart det klart at elevane ved Mo og Øyrane er sendt vidare til finalerunda i NM i ungdomsbedrifter. Der konkurrer dei om tittelen "Norges beste yrkesfaglege bedrift".

Samarbeidsprosjektet mellom MKST Vg3 (Medium- og kommunikasjon) på Hafstad, og 2KSA Vg2 Kokk og servitør, på Restaurant og matfag på Mo og Øyrane vgs. starta med ein søknad om midlar til felles prosjekt hos UE Norge sitt sjømatfond. Elevane fekk fullt tllskot på søknaden og midlane vart delt mellom dei to skulane, fordelt på råvare, kursarrangement og filmproduksjon.

Med ein del planlegging i regi av elevane og faglærarane Bodil Erdalsdal (Mo og Øyrane) og Ole Johnnny Devik (Hafstad vgs), satte dei to skulane i gang med å skaffe kokkar og bransjekontakter som skulle vere ressurspersonar i prosjektet.

Foto av MK-elevar.jpg

Over til venstre: Bilde frå filmen medielinja på Hafstad vgs laga i samarbeid med Mo og Øyrane vgs. Bilde til høgre: Elevane i 3mka dokumenterte med foto læringsarbeidet til elevane på Restaurant og matfag ved Mo og Øyrane vgs. 

Hovudarrangemetet samla foreldre og bransjekontakter på Sunnfjord hotell i vår, der elevane på Mo og Øyrane serverte Sushi til foreldre og bransjekontakter. Tilbakemeldingane var gode, og vegen til NM-nominasjon var kort.

MK-elevane har produsert film om kurset med intervju og film frå arrangementet på Mo og Øyrane, samt frå kurs på Sunnfjord Hotel. I tillegg har Hafstad vgs hjelp til med konkurransefilm og dokumentasjon til NM-dokumentasjonen, noko som førte heilt fram til den siste finalerunda.
 
Måndag 4. mai skal elevane på Øyrane med ungdomsbedrifta Sushi US presentere asmarbeidsprosjektet og deira eiga matbedrift for dommarane i NM i ungdomsbedrift. Gjennom videomøte skal dei formidle smak og lukt for dommarane, og forsvare NM-tittelen som landets beste UB. Til stor spenning for lærarar og elevane på Hafstad som har jobba med elevane på Øyrane dette skuleåret.
 
Rapport.jpg
 
Medielinja bistod med å lage dokumentasjon til elevane på Mo og Øyrane sin NM-rapport.

 

Her er nettsida til MO-elevane: https://www.ue.no/vestland/historier/moy-sushi-ub

Nytt av året er eit digital NM der konkurransen går over fleire dagar, med start måndag 4. mai, og kulminerer i ein stor finale fredag 8. mai. Det blir live-sendingar kl. 15.00 kvar dag under NM-veka (4.-8. mai), på Ungt Entreprenørskap Norge si Facebook-side. Så alle som vil følgje elevane på Øyrane heilt inn, kan gjere det der

Desse konkurrerer i finalen i Beste yrkesfaglege bedrift

Asey UB – Trøndelag/ Sør - Thora Storm Videregående Skole
Bøff UB - Viken / Buskerud - Kongsberg videregående skole
Happy Tails UB - Viken / Akershus - Stabekk Videregående Skole
LKM UB - Viken / Østfold - Tomb vgs
MOY Sushi UB - Vestland / Sogn og Fjordane- Mo og Øyrane vidaregåande skule
Stovner Auto UB – Oslo - Stovner videregående skole

Juryen består av: Bente Søgaard (YS), Bjarne Lagesen (Ungdomsleder LO), Aud Hove (Utdanningskomiteen), Heidi Tveide (Mesterbrevordningen), Grete Friis (Lærlingekompaniet) og Carl Rønneberg (NHO)