Hafstad vidaregåande skule
001 BIOMIDDAG

Avslutningsmiddag for biologi 1-gruppene

Biologi 1 hadde i år eit større prosjekt knytt til kompetansemål om fysiologi, og funksjon og tilpassing. Dette resulterte i ei kreativ borddekking, og eit fantastisk festmåltid for biologi 1-gruppene ved Hafstad vgs! (Sjå bilete, og les meir om saka her)

Foto: Tuva Johannesen Kalstad og Henrik Solheim

Tekst: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Det vart bestilt to lamme-skrottar frå Nortura som elevane fekk skjære ned og stykke opp  kjøtet. To lår vart henge til tørk som spekekjøt, det vart laga steik av større stykker og skåre til grytekjøt/ kjøttdeigkjøt av resten. Eine gruppa hadde hovudansvaret for nedskjering og seinare å lage til maten, medan den andre gruppa fekk innføring i nedskjering gjennom å sjå på, og ansvar for å dekke på, underhaldning og opprydding.

Elevane fyrte i gong grillar og steikeomnar og laga fantastisk mat på mestekokknivå. Det vart laga gode rettar som lammefrikassé, indisk lammegryte, salatar, ris, steikte poteter, spekekjøt og mykje anna godt. Elevane fekk særs verdifull hjelp av ein forelder til å lage nydeleg krydra kjøtfarse som ein brukte til veldig godt kebabkjøt, stor takk frå elevar og lærarar! Det heile blei toppa med nydeleg brownies, is og kaffi.

01B Grilling Henrik Solheim.jpg

Over: Grilling. Foto - Henrik Solheim

Pådekkinga vart gjort med biologisk tema med flotte innslag av gode modellar og grøne fargar. Vi hadde ein lenger diskusjon om eingongsbestikk, der eksamensavikling tvang oss til å bruke plast denne gongen. Alle var einige om at vi i eit berekraftig perspektiv skal sørge for betre alternativ ved neste høve. Underhaldinga var delt i to, med ein lærardel der det vart beinhard utspørring om kor godt vi kjenner faget, klassen og oss to lærarar, medan elevdelen var ein god kahoot om biologisk laust og fast. Flotte innslag!

02C Borddekning Tuva J Kalstad.jpg

Over: Borddekking med biologitema. Foto - Tuva Johannesen Kalstad

Oppryddinga gjekk som ein leik med utruleg flinke og strukturert ryddemannskap, så kl. 15.05 var alle glade, mette og klar for ein fin ettermiddag!

Takk til Sogn og Fjordane bondelag for sponsing av gode, norske landbruksprodukt!

03 middag, foto Henrik Solheim.jpg

Over: Festmåltid! Foto - Tuva Johannesen Kalstad og Henrik Solheim

Tips ein ven Skriv ut