Hafstad vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek
ingressbilete bibliotek m tekst 2

Velkommen til biblioteket!

Biblioteket er ope alle dagar 08.00 – 15.30

Bibliotekar: Anne Kari Faleide. Berit Ekerbakke og Karoline Vie er vikar for Anne Kari dette skuleåret.

I biblioteket på Hafstad vidaregåande skule kan du søkje på forfattar, tittel eller emneord innan:

I tillegg til sjølve bibliotekrommet har me også:

  • Stille lesesal
  • ”Bibliotekstove” med gruppebord
  • Kopimaskin 

Bibliotekbilete - Foto - Sunniva Grimstad Hestenes_1024x683.jpg

Over: Elevar på biblioteket ved Hafstad vgs. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Lån

Når de skal låne bøker eller utstyr, brukar de utlånsmaskina. De kan bruke nasjonalt lånekort, eller følgje instruksen som står på utlånsmaskina. Lånetida på bøker og andre media er fire veker. Når de leverer kan de legga bøkene i innleveringskassen som står utanfor biblioteket, eller levere inne på biblioteket. Utlån av lærebøker: Alle må signere avtale om vilkår for utlån av læremiddel.

Informasjonssøk

I biblioteket kan du søke informasjon, arbeide åleine eller i grupper, lese aviser og tidsskrift. Alle nye klassar får tilbod om opplæring i informasjonssøking og kjeldekritikk. Rettleiing med å finne stoff til oppgåver og prosjekt vert gitt av faglærar eller bibliotekar.

Tips om kjeldekritikk, nettsøk og korleis skrive kjeldeliste

Kjeldekritikk PDF document ODT document

Kjeldetilvisingar og litteraturliste PDF document ODT document

Søkjetips PDF document ODT document

Særemnetips PDF document ODT document

NDLA har også ei grei oversikt over korleis ein skal søkje etter informasjon.

Utlånsreglar

Lånetida på bøker og tidsskrift er 4 veker
Oppslagsverk og ordbøker skal ikkje lånast med heim

For sein levering

Dersom bøkene ikkje vert leverte attende i rett tid vert det sendt 2 purringar via e-post. Etter 2 purringar vert det sendt rekning.
NB! Dersom lærebøker ikkje vert leverte ved skuleslutt vert det sendt rekning utan purring først.

Erstatning

Elevar er ansvarlege for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2 purringar utan reaksjon frå eleven vert det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar. 

Bibliotek - Foto - Sunniva Grimstad Hestenes 3.jpg

Over: Biblioteket ved Hafstad vgs. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes