Hafstad vidaregåande skule
MODER JORD invitasjon til utstilling

«MODER JORD» Opning av utstilling 9.mars kl.13.00 i Førdehuset

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturskulen i Førde, klasse 2KDA og 3KDA ved Hafstad vgs, og Sunnfjord Kunstlag. Velkommen til utstillingsopninga 9. mars!

Plakaten: Illustrasjonen er laga av Ingrid Bolstad ved Førde Kulturskule, og designet er laga av Hanne Sandal Høyvik og Tomine Furelid frå 3KDA ved Hafstad vgs.

PLAKAT Moder Jord til FB.jpg

HER ER EI INNBYDING TIL OPNINGA AV UTSTILLINGA

Mennesket vender Moder jord ryggen og Jorda skrik. Klasse 2KDA og 3KDA frå Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs skal arbeide med dette spennande prosjektet i dei to vekene etter vinterferien, fram til utstillingsopninga 9. mars. Elevane ved Førde Kulturskule er allereie godt i gang med utstillingsprosjektet.

Tekst: Inger Jangård

Sunnfjord Kunstlag vende seg TIL UNGDOMEN då dei tok initiativ til eit samarbeids-prosjekt med Hafstad vidaregåande skule, -ved lina for kunst, design og arkitektur-, og Kulturskulen i Førde og Naustdal. Tematikken var ikkje framand for skulane og elevane. Kunstlaget kunne tilby utstillingsarena og utstillingserfaring. Lærarane ved kulturskulen og avdeling KDA på Hafstad v.g.s. kunne gi elevane rettleiing i utforming frå ide til ferdig produkt.

Marit Bendz frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vart henta inn for å sparke det heile i gang. Ho heldt ei førelesing som verka både skremmande og inspirerande på elevane. Mens Bendz la størst vekt på dei fatale endringane som skjer nede i jordsmonnet, eit område som ikkje har vore omsnakka like mykje som havet og lufta, står elevane fritt med omsyn til si vinkling av hovudtemaet: Kvifor og korleis ta vare på denne kloden vi lever på, og ynskjer å overleve på, sett i lyset av den sørgjelege sanninga at dette hastar. Mennesket vender Moder jord ryggen og Jorda skrik.

Dei unge var ikkje seine med å starte si idémyldring. Resultatet av elevarbeida vert juryerte og samanfatta i kunstutstillinga «Moder Jord» som vert synt i Utstillingssalen i Førdehuset  9. til 17. mars. Ein vil finne både veggbassert kunst, frittståande/ tredimensjonale arbeid og videokunst.  Det blir opningsseremoni laurdag 9.mars kl.13. Gratis tilgjenge opningsdagen. Alle er hjarteleg velkomne. Helsing arrangørane.

01 Avspark Moder Jord, foto - Kari Eikås, 2019.jpg

Over: Frå oppstarten av prosjektet ved Hafstad vgs. Foto - Kari Eikås

01 Avspark Moder Jord, foto - Mona Fossdal 2019.jpg

Over: Frå oppstarten av prosjektet ved Hafstad vgs. Foto - Mona Fossdal

Her er også foto frå "avsparket" ved Førde Kulturskule - tidlegare dette skuleåret:

Ingjerd Monsen Hjelmeland.jpg

Over: Foto - Ingjerd Monsen Hjelmeland

Kari Eikås foto.jpg

Over: Foto - Kari Eikås

Tips ein ven Skriv ut