Hafstad vidaregåande skule
Temadagen 2019 BRUNLEG

Velkomen til foreldremøte «MI HISTORIE» 15. oktober

Kinosalen i Førdehuset kl. 18.00 – 19.30. Møt Dan Gøran Espedal i Førdehuset. "Mi historie" handlar om Dan Gøran sitt liv som uroleg ungdom utan mål og meining med livet, til geværsoldat, mineryddar og likhus-spesialist i internasjonale operasjonar. Gjennom foredraget fortel han om oppturar og nedturar i livet som har forma han til den han er i dag.

Alle ungdommar i vidaregåande skule og 10 klasse i Førde møter Dan Gøran på dagtid. På kveldstid oppfordrar vi alle føresette å komme.

Foreldremøte inneheld  sterkare og tydeligare skildringar frå Dan Gøran si historie enn den ungdommane høyrer på dagtid. Målgruppa denne kvelden er voksne .

Denne temakvelden er ein del av den årlege temadagen i Førde. Det er eit samarbeid mellom SLT /førebyggande team https://www.forde.kommune.no/tenester/barnehage-skule-og-oppvekst/slt-arbeid/ , Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Halbrend og Førde ungdomsskule, Ungdomens Bystyre i Førde og Politiet .

Temakvelden er og eit ledd i markeringa av Verdensdagen for psykisk helse 10 oktober. I år er tema på verdensdagen GI TID. https://verdensdagen.no/om-verdensdagen/tema-2019-gi-tid/.

Vi ser fram til å sjå deg.

Mvh

Dei ulike samarbeidspartane.

Tips ein ven Skriv ut