Hafstad vidaregåande skule
Do not feed the trolls - Foto Ole Johnny Devik

Do not feed the trolls

Mandag 17.oktober var VG1 og VG2 elevane ved Hafstad vgs på teaterframsyninga "Do not feed the trolls" med teatergruppa The Krumple. Les tilbakemelding på forestillinga her (trykk på tittelen).

Av; Tobias Dyregrov. Foto; Ole Johnny Devik

The Krumple er eit internasjonalt teaterkompani med base i Oslo, med medlemmar frå Norge,  Frankrike, Tyskland, Danmark og USA. 

1 Kjeppjaging - Foto Ole Johnny Devik.jpg

Vi jobbar innan eit særleg fysisk og visuelt scenespråk som blandar det poetiske med det groteske, det morosame med det alvorlege. Seier Oda K. Nyfløtt hovudrolleskodespelar i teaterstykket. Ho spelar bloggaren Lisa Holloway.

-Do Not Feed the Trolls handlar om korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk endra seg når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak.

Vi har snakka med to av elevane som var på framsyninga.

Kva synest de om teaterframsyninga?

-Eg synest det var overraskande bra. først virka det som ei enkel boklansering, men så utvikla det seg til ei læringsrik historie seier, Jim i 2mka

Kva lærte dere?

- Det er enkelt å bli eit offer, seier Martha. Gjennom forestillinga lærte dei korleis ein skal handtere folk som plager deg på nett. Vist ein svarer tilbake negativt kan det gjere ting verre. Ting ein skriv kan få store konsekvenser og bli oppfatta som nettmobbing. Det er både gode og dårlige sider ved internett

Kva vil dere sei til andre som vert mobba på nett?

-Det er slik at ein ikkje må svare tilbake,  eller forsvare seg med kritikk, prøv å vere positiv. Use commen sense, og ta ting med ei klype salt. meinar Martha

Intervju med anonym lærar

Du var ein av dei som var med på teateret, kva synest du var bra?

-Tematikken var veldig bra det er viktig å fokusere på nettmobbing, og at det ein skriv på nettet kan få store konsekvenser. Tenk deg godt om før du publiserar noko

Kva lærte du?

-At ein må vere bevisst på kva ein skriv offentleg. Ikkje hetse og mobbe andre. Det kan vere lett å skrive noko, som ein kanskje angrar på i etterkant, men då er det forseint

-Vi har vore letta over å oppleve at stykket blir godt motteke, og då særleg hos unge vaksne som sikkert kjenner seg att i universet som vi har skapt seier Oda K. Nyfløtt

2 Trollskog - Foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Trollskog - Foto Ole Johnny Devik

3 Lisa - Foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto frå forestillinga "Do not feed the trolls". Ole Johnny Devik

2MKA - Foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Elevar frå 2mka i dialog med skodespelarar. Foto - Ole Johnny Devik

Tips ein ven Skriv ut