IA dagen 01 bilete til nyhende

Du gjettar aldri kvifor desse to går med sydvest?

Det siste halvåret har medieelevar frå Hafstad vgs jobba med filming, redigering og med utarbeiding av produkt på oppdrag frå NAV. Hilde Gunn har vore oppdragsleiar medan Trygve og Stig Oskar har hatt ansvar for design. Prosjektet har gått frå førre skuleår, inn i sommarferien og fram til IA-dagen 14. oktober 2017.

 

Tekst og foto:

Ole Johnny Devik

Med IA-dagen vil NAV skape eit meir inkluderande arbeidsmiljø på arbeidsplassane, det er også dei som delar ut Eldskjelprisen som går til personar og bedrifter med IA-avtale og er flinke og legge til rette for inkludering og godt arbeidsmiljø.

Mange timar

- Det har vore mykje jobb med prosjektet, eg har ikkje lenger tal på kor mange timar vi har brukt seier Stig Oskar, som går på medium og kommunikasjon på Hafstad.

- Det å jobbe med ei så stor bedrift har vore både kjekt og lærerikt. Vi måtte ta hensyn til deira retningslinjer og design, elles kunne vi jobbe ganske fritt. Eg var kontakt person mellom elevar og bedrift seier Hilde Gunn (MK påbygg)

- Av produkt laga vi både brosjyre, diplom og film. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå kunden og blei ekstra fornøgd med det.

Æresgjestar, og den sydvesten…

-På sjølve IA-dagen blei vi invitert bort på Sunnfjord Hotel for lunsj og prismottaking. Der fekk vi ståande applaus for arbeidet vårt og vi fekk som hatten passa, ja faktisk fekk vi hattar (sydvestar) noko som var perfekt på ein regnværsdag.

IA-dagen, Hildegunn og Stig Oskar.jpg

Begge elevane var glade for merksemda, men det var ein ting som var spesielt kjekt med å vere der:

- Vi kosa oss og fekk både forrett, hovudrett og ein spesielt god dessert seier Stig Oskar og har stort fokus på det (mat)faglege.

- Dei andre deltakarane var svært hyggelege og sosiale, vi merka at dei jobba med inkluderande arbeidsliv.

- Det var kjekt å få sjå produktet ein laga i bruk, så dette vil vi gjerne gjere meir av i framtida, legg han til.

IA konferansen 2, foto - Ole Johnny Devik.jpg

IA-dagen, er ein konferanse i regi NAV Sogn og Fjordane der inkluderande arbeidsliv, det å ta vare på dei tilsette og godt arbeidsmiljø står i sentrum.

Tips ein ven Skriv ut