Hafstad vidaregåande skule
Barnas verdsdagar november 2019

Dyktige 3KDA-elevar laga kulisser og dekor til arrangementet Barnas verdsdagar

Den 23. november blei "Barnas verdsdagar" arrangert i Førde for 10. året på rad. Elevar og lærarar frå Kunst, design og arkitektur har i fleire år samarbeidd med Førdefestivalen om dette arrangementet, og også denne gangen har elevar frå Hafstad vgs utarbeidd kulissar og dekor. I år var det klasse 3KDA som utarbeidde dekor med utgangspunkt i temaet "capoeira" i faget Design og arkitekttur, saman med faglærar Svein Myklebust.

Foto: Svein Myklebust

Her kan du sjå foto frå arbeidsprosessen, og bilete av dei flotte arbeida som elevane lagde til Barnas verdsdagar:

Fotocollage barnas verdsdagar.jpg

Over: Elevar frå 3KDA ved Hafstad vgs, og dekor til Barnas verdsdagar 2019. Foto - Svein Myklebust

Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde, Førdehuset, Sogn og Fjordane Teater, Sunnfjord kulturskule, Førde Bibliotek, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Red Cross Nordic United World College, Distriktsmusikarordninga,
Lesegledarodrninga ved Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Nynorsksenteret i tillegg til skular og barnehagar i Førde og Naustdal.
Konseptet starta som eit arrangement i Oslo i regi av Rikskonsertane, men vert no arrangert fleire stadar i landet.

Her kan du lese meir om arrangementet:

https://www.fordefestival.no/om-bornas-verdsdagar-frde

Tips ein ven Skriv ut