IKT-illustrasjonsfoto av Mona Fossdal

IKT-illustrasjonsfoto av Mona Fossdal

ELEV-PC 2020-2021

Alle elevar på Vg1 skal ha berbar PC. Den 06.07.2020 blir det opna opp for bestilling av elev-pc. Elevane kan nytte PC dei allereie har, eller kjøpe gjennom fylket si innkjøpsordning. Maskinene blir i år levert av Komplett.no, og elevane kan velje mellom tre modellar (to Windowsmaskiner og ein Mac). Sjå informasjon frå Fylket ved å følgje denne lenkja: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/ 

Krav til maskiner på medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur: Elevar på MK og KDA bør helst ha maskin med minimum 128 gb SSD, med ekstra innebygd harddisk på 500 gb eller meir. Min 8 GB RAM. Oppløysinga bør vere minst 1920x1080. Skjermen bør vere ISP eller tilsvarande med god innsynsvinkel. Det er fordel med eit GeForce-skjermkort med gtx 1060, eller tilsvarande AMD-skjermkort. Årsaka til at skulen gjev desse anbefalingane, er fordi elevar ved desse programområda arbeider med program som krev god kapasitet- og lagringsplass på maskinene. Ta gjerne kontakt med Ole.Johnny.Devik@vlfk.no for meir teknisk informasjon.