Starte VG1? Då treng du elev-pc!

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag. Nye elevar som startar i VG1 for fyrste gong kan kjøpe subsidiert elev-pc gjennom Atea.

Du har to val: 

  1. Kjøpe subsidiert elev-pc gjennom vår ordning
  2. Bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning

Kjøp elev-pc gjennom vår ordning

Dette tilbodet er berre for deg som skal starte i VG1 ved ein offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane for fyrste gong, og har ungdomsrett til vidaregåande utdanning.

Du kan velje mellom ein grunnmodell og ein kraftigare modell. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.

Utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du treng å betale for grunnmodellen. Fylkeskommunen dekker resten. Hugs å søke om utstyrsstipend frå Lånekassen.

Gå til nettbutikken

Når må eg bestille?

  • Du skal stille med berbar pc på fyrste skuledag. Frist for bestilling med garantert levering til skulestart er 31. juli.
  • Dersom du bestiller etter 31. juli, må du stille med eigen berbar pc på første skuledag og fram til du får elev-pc-en.
  • Du kan bestille elev-pc heilt fram til 30. november. Du kan difor starte skuleåret med ei maskin du har frå før og sjå om den er god nok før du eventuelt bestiller ny pc gjennom ordninga.

Klikk her for meir informasjon om vilkår, betaling og levering.