Hafstad vidaregåande skule
Kalenderfoto Paris entreprenørskap a

Elevar får ei unik reiseoppleving

FØRDE: Ikkje mange elevar får reise på studietur til utlandet lenger, men for tredje gong skal medieelevar på Hafstad vidaregåande skule få gleda av å krysse landegrenser i skuletida. Denne gongen går turen til Frankrike og Paris, der dei skal besøke samarbeidsskulen Lycée Richelieu.

–  Det er veldig kjekt at eg får moglegheita til å reise. Eg føler meg utruleg heldig, seier Eva By Vikøren. Ho er ein av i alt ni elevar som skal delta på Hafstad vgs. sitt Erasmus+ prosjekt dette skuleåret.

Vikøren går første året på Medium og kommunikasjon vg1. Ho er ein av to førsteklassingar som har vorte plukka ut til å vere ei veke i Paris i midten av mars. Dei sju andre elevane som får reise, er medieelevar som går i andre- og tredjeklasse. Dei andre elevane har meir erfaring i internasjonalt samarbeid enn Vikøren, men ho tar med seg noko dei andre ikkje kan, - for ho kan snakke fransk.

I seks dagar skal Vikøren jobbe i lag med elvar frå Spania, Frankrike og Sverige, på Lycée Richelieu i midten av Paris. Dei skal også selge varer på torget i sentrum, og lære om fransk skule og fransk kultur. Med seg har dei to lærarar, ein faglærar innan media, og ein språklærar som skal hjelpe med kommunikasjon.

Gruppefoto, nokre av elevane som skal til Paris 2a.png

Gruppefoto. Nokre av elevane som skal til Paris i midten av mars. Foto: Hafstad vgs.

Unik moglegheit

Etter at Gratisprinsippet vart innført er det ikkje så vanleg for elevar i norsk vidaregåande skule å få reise på turar til utlandet. Dette fordi elevar og foreldre ikkje kan påleggast å betale for reiser i skuletida.

For elevane på Hafstad vart løysinga å få finanisering frå Eramus+. Utvekslingsprosjektet heiter «Internasjonalt entreprenørskap med nye metodar», og er støtta for Senter for internasjonalisering av utdanning og Erasmus+ programmet.

–  At prosjektet er finansiert på denne måten, gjer det mogleg å gjennomføre elev-utveksling, seier initiativtakar og medielærar på Hafstad vgs, Ole Johnny Devik.

Prosjektet handlar om å lære elevane om å drive si eiga bedrift. Kvart av samarbeidslanda, Sverige, Norge, Spania og Frankrike, har sine fagfelt, der Hafstad vgs. står for mediekunnskap og digitale ferdigheiter.

Treårig prosjekt

Utvekslinga til Paris er den fjerde i eit treårig prosjekt. Frå før har medieelevar på Hafstad vgs vore til Gironia i Spania og til Borås i Sverige. I haust var det Hafstad vgs. sin tur til å vere vert for spanske, svenske og franske elevar og lærarar. Temaet for samlinga i Norge var digital marknadsføring, entreprenørskap og filmproduksjon.

Eva Vikøren var aktiv med då elevane på skulen hadde inovasjoncamp i regi av Ungt Entreprenørskap, og vart godt kjent med dei franske, spanske og svenske elevane. Mange av dei skal ho no møte igjen i Paris.

–  Samarbeidet er kopla opp mot design, film og entreprenørskap. Dette er spesialkompetanse og kompetansemål som er svært fagleg relevant i forhold til mediefaga, fortel Devik. Vi har eit romsleg budsjett, og vi jobber med svært dyktige lærar og elevar i dei andre landa. I fjor kom dei spanske elevane til europafinalen i entreprenørskap, og det var våre elevar som hadde laga logo og grafisk profil til dei. Totalt har over hundre elevar på Hafstad vore engasjert i samarbeidet mellom skulane, sjølv om berre eit titals elevar frå Medium og kommunikasjonslinja har fått moglegheit til å reise.

–  Eg tippar at det hadde vore sjukt mange søkarar dersom elevane på dei andre linjene også hadde fått tilbod om å få vere med, seier Vikøren.

Skal selje norsk mat

I Paris skal elevane lære om direkte sal og besøke bedrifter.

– Blant anna skal vi selje norsk mat på gata i Paris, seier Vikøren, som er spent på korleis norske godbitar, som brunost og vaflar, blir tatt imot i Frankrike. Hilde Gunn Bråstad er medieelev på 3. trinn og har fått vere med på alle utvekslingsbesøka.

–  Gjennom utvekslingsturane har eg fått stort læringsutbytte. Eg har lært korleis dei arbeider med ungdomsbedrift i andre land, samt blitt betre i språk. På dei tidlegare turane hadde eg ansvar for å fotografere, noko som også var verdifullt for fotofaget, seier ho. Bråstad skildrar utvekslingsbesøka som kjekke, sosiale og minnerike og til og med lærerike. No er ho klar for ein ny tur.

Lære om kulturar og praktisere språk

–  I tillegg til å lære om entreprenørskap, får elevane lære om andre kulturar, samt får erfaring og utfordringar som er større enn det dei får i klasserommet og innanfor trygge rammer, seier Devik.

Eva By Vikøren har fransk som valfag og ser fram til å få praktisere språket i den verkelege verda.

–   Sjølv om det berre er ei veke, så får eg prøve meg ut. For meg som har fransk, er det gøy å få reise til Frankrike i skuletida, seier Vikøren entusiastisk.

Turen forgår mellom 18. og 24. mars, og reisa vil ikkje telle inn på fråværet til elevane. Dette er ein del av skulen sine aktivitetar, og det utgjer langt fleire arbeidstimar for elevane enn ei vanleg skuleveke, seier Devik. Det vert ein svært lærerik tur, og det er kjekt å sjå at vi framleis har moglegheit til å sende elevane våre på reiser til utlandet, der dei kan få ny kunnskap og nye synspunkt i ei stadig meir internasjonal verden.

The group a.jpg

The group. I november var det Eramus+ samling i Førde. Ein av dagane tok andre klasse medium med seg alle gjestane til Fjærland, der dei lært om snø, små gater og norsk brehistorie. Mange av dei same elevane skal no møtast i Paris. Foto: Hafstad vgs.


Johnny Flaten og Joan Talo a.png

Medielærar Johnny Flaten forklarer norsk brekultur til Joan Talo frå Spania, som er hovudpersonen bak Eramus+ prosjektet . Foto: Hafstad vgs. 

Ole Johnny i Paris a.png

Foto: Ole J. i Paris. Prosjektkoordinator på Hafstad vgs. Ole Johnny Devik, måtte til Paris for å førebu utvekslinga. Her er bilete tatt frå Eiffeltårnet, som elevane håper å besøke.

Tips ein ven Skriv ut