Elevmedverknad og skulemiljø

Elevar ved Hafstad vgs

Elevmedverknad inneber deltaking og avgjersler som gjeld eigen og elevgruppas læring. Læraren har plikt jamfør opplæringslova å ta med elevane på råd. I tillegg har elevane medverknad gjennom ulike råd og utval. Dei har også eit eige ombod som skal ta vare på eleven/lærlingen og deira rettar.

Skulemiljøutval

Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette og elevane tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.

Skulemiljøutvalet ved Hafstad vidaregåande skule har følgjande samansetning:

  • 4 elevrepresentantar
  • 2 representantar frå dei tilsette
  • rektor

Elevrepresentantane skal vere i fleirtal i utvalet. Dei skal fremje saker som vedkjem elevane sitt fysiske og psykososiale miljø, og vere med og gje råd og innspel i saker som skuleleiinga skal ta avgjerd i.

Elevrådet og rektor melder saker til skulemiljøutvalet. Eksempel på saker er organisering av skulekvardagen, open skule, ulike arrangement, oppfølging av elevundersøkinga etc. Skulemiljøutvalet kan melde saker til skuleutvalet og folkehelsegruppa.

Skulemiljø

Handlingsplan for trivsel og eit trygt og godt læringsmiljø

Elevråd og elevstyre ved Hafstad vgs:

Eit aktivt elevråd er eit gode for ein kvar skule, men det føreset at elevrådet er rett samansett. Difor er det viktig at dei elevane som er med i elevrådet er aktive, engasjerte og motiverte. Eit slik utgangspunkt gjev større høve for elevane til å forme skulekvardagen, og dermed auke både trivsel og læring.

Opplæringslova seier noko om formålet med elevrådsarbeid: § 11-6 Elevråd

Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.

Elevrådet er ikkje i lova gjeve avgjerdskompetanse i skulesamfunnet, men kan uttale seg om alle saker som gjeld skulen. Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljø, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

Elevstyret januar 2021- januar 2022

Leiar: Martine Stavland – 2STD 

Sekretær: Johannes Dvergsdal-Volle – 2STB

Styremedlem: Yonas Hagos – 2STC

Styremedlem: Emmerense Kjerstad – 1KMA

Styremedlem: Erick Nsabimbona – 1STB

Skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Handlingsplan for trivsel og eit trygt og godt læringsmiljø Skulen har nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Viss ein elev opplever slik krenking, er det viktig å melde frå til rektor eller ein annan vaksen på skulen. Då har vi plikt til å undersøkje saka og setje i verk tiltak.

Meld frå

Fylkeskommunen har oppretta eit meldingsskjema som gir elevar, føresette og andre ein trygg og sikker kanal for å melde frå om ein elev som ikkje har det bra på skulen. Meldinga blir send direkte til rektor, og leiinga ved skulen vil ta kontakt med deg for ein samtale. Ingen utanfor skulen si leiing får vite om meldinga.

Du finn lenke til meldingsskjemaet på skulen si heimeside («Meld frå om mobbing»). Her kan du gå direkte til skjemaet.

Snakk med nokon

Viss du ønskjer å snakke med nokon om mobbing og dårleg skulemiljø, eller viss du lurer på kva rettar og plikter du har og korleis du kan gå fram for å løyse ei sak, kan du ta kontakt med elev og lærlingombodet i Vestland: Venke Nordeide