Ane har open dør dersom du lurer på noko, eller treng å snakka med nokon. Dersom nokon har lyst på besøk på hybelen er det berre å ta kontakt.Miljøkoordinatorstillinga er 50%, så Ane er på skulen 4 dagar i veka, måndag, tysdag, onsdag og fredag 08.30 - 14.00
Miljøpris ved Hafstad vidaregåande skule
Klassen skal mellom anna:
- Registrere kva forbetringar klassen meiner bør gjennomførast med omsyn til både sosialt og fysisk miljø.
- Rapportere til klassestyrar kva som kan gjerast frå skulen si side for å betre miljøet.
- Ta opp med medelevar og/eller elevråd kva som kan gjerast frå elevane si side for å betre miljøet.
- Diskutere skulemiljøet i klassa og finne fram til ordningar og tiltak for å skape best mogeleg læringsmiljø og trivsel.
Ved vurderinga vert det lagt vekt på:
- Orden i klasserom, fellesrom og uteplass
- At klassen kjem med små overraskingar som kan auke trivselen hos alle som har arbeidsplassen sin på Hafstad. (t.d sang/musikkinnslag, utkledningspåfunn, danseopptrinn, konkurransar, leikar etc., etc., etc.).
Vi håpar at elevane vil ta aktivt del for å gjera miljøet på skulen endå betre. Det krev relativt liten innsats frå den enkelte, men har stor verdi for mange. Lukke til!
Sjå også:
Nytt regelverk (hausten 2017): Nulltoleranse mot mobbing
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål, så ta kontakt med miljøkoordinator Ane.
Ane Persdotter Østby Birkeland
miljøkoordinator