Du har rett til eitt omval, eitt år ekstra, utan å tape skulerett. Omvalet må vere på same nivå som det du sist fullførte. Etter Vg1 kan du velje nytt Vg1. Etter Vg2 kan du velje nytt Vg2 som bygger på Vg1 som du alt har.
Du må søkje om plass kvart år. Til Vg2 har du rett til plass på eit programområde som byggjer på Vg1.Du har ikkje rett til plass på ein bestemt skule. Plassar blir tildelte etter poeng utrekna på grunnlag av karakterar.
1. mars, 1. februar for særskilt inntak.
Studieorientering
Her kan du finne informasjon frå rådgjevarane om førstegongsvitnemål, skulepoeng og tilleggspoeng, krav til spesiell studiekompetanse og inntakskrav til ulike høgare utdanningar, informasjon om studiar i utlandet med meir: Studieorientering
Studium i utlandet:
www.ansa.no Organisasjon for norske studentar i utlandet
www.lanekassen.no Leite fram til det enkelte universitet, + finansiering
www.bjorknes.no Hjelper med søknad
www.sonor.no Hjelper med søknad
Nettstadar for info om fag og utdanningar:
www.samordnaopptak.no Søknad, poenggrenser, reglar, lenkjer til nettsider til universitet og høgskular
www.studievalg.no Oversyn over utdanningar og yrke
www.utdanning.no Poengutrekning, yrkesintervju, generell informasjon om ulike yrke og utdanningar mm
Dokument
Søknadsskjema tilrettelegging ved prøver og eksamen
Kravskjema - krav om at fråvær ikkje blir ført på vitnemål
Søknad om fritak frå vurdering med karakter
Samtykkeskjema for elevar over 18 år
Spesialpedagogikk/tilpassa opplæring
Rådgjevar for tilpassa opplæring
Rådgjevar for tilpassa opplæring på Hafstad vgs er
Ellrun Aarseth, og det er ho som har ansvaret for å organisere og samordne den tilpassa opplæringa på Hafstad vgs.
Ellrun Enny Aarseth, rådgjevar for tilpassa opplæring ved Hafstad vgs. Foto: Amalie Larsen Ovrid
Arbeidsoppgåvene for rådgjevar for tilpassa opplæring er mellom anna:
- Organisere den tilpassa opplæringa
- Halde kontakt med føresette
- Vere kontaktperson for elevassistentar
- Vere leiar for spes.ped.teamet/ teamet for tilpassa opplæring
- Ha oversikt over spesiell tilrettelegging ved prøvar, og informere om dette
- Samarbeide med ungdomsskular, PPT og andre i hjelpeapparatet
Tilrettelegging på prøvar
Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging i samband med prøvar og eksamen, må du søkje skulen om dette. Slik spesiell tilrettelegging kan vere:
- Kombinasjon skriftleg/munnleg prøve
- Opplesing av oppgåva og forklaring av vanskelege ord og uttrykk
- Munnleg høyring
- Eige rom/mindre gruppe
Søknaden for tilrettelegging ved prøver og eksamen må vedleggast dokumentasjon, og leverast til rådgjevar for tilpassa opplæring Ellrun Aarseth. (NB: Viss du ikkje får opne søknadsskjemaet, så prøv med ein annan nettlesar - til dømes Explorer).
Søknadsfrist: så tidleg som mogeleg i skuleåret.
Skjema:
Søknadsskjema tilrettelegging ved prøver og eksamen

Kravskjema - krav om at fråvær ikkje blir ført på vitnemål
Søknad om fritak frå vurdering med karakter

Samtykkeskjema for elevar over 18 år

Ellrun Aarseth
Rådgjevar for tilpassa opplæring
ellrun.enny.aarseth@vlfk.no
57 63 75 19
Minoritetsrådgjevar
Line Sunde Kvalheim er minoritetsrådgjevar tilsett i Integrerings -og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Ho har til dagleg arbeidsplass ved Eid vidaregåande skule, men er tilgjengeleg for elevar, føresette og tilsette ved alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.
Line skal hjelpe elevar med minoritetsbakgrunn og elevar som synest det kan vere vanskeleg å leve mellom ulike kulturar. Særleg skal ho hjelpe elevar som opplever å bli utsette for ekstrem kontroll, som er redde for å bli etterlatne i utlandet mot vilja si, som fryktar for å bli utsette for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, eller som har opplevd noko av dette tidlegare.
Minoritetrådgjevaren har teieplikt.
Døme på spørsmål elevar kan kome til minoritetsrådgjevaren med:
- Problem med venner
- Konflikt med foreldre, søsken eller andre i familien
- Bekymring for ein venn eller ei veninne i ein vanskeleg situasjon
- Spørsmål rundt negativ sosial kontroll, forloving og ekteskap
- Frykt for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting
- Bekymring kring utanlandsreiser
- Mistrivsel på skulen
- Integreringsutfordringar
Føresette er velkomne til å ta kontakt om mellom anna:
- Borna sin skulekvardag
- Bekymringar for borna
- Foreldrerolla i Noreg
Kontaktinformasjon:
Line Sunde Kvalheim
minoritetsrådgjevar
line.sunde.kvalheim@vlfk.no
975 61 738