Skulehelsetenesta

Jorunn Eldegard, på kontoret (b).jpg

Skulehelsetenesta er ein del av det kommunale helsetilbodet, og består av helsesøster og skulelege. Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis. Helsesøster på Hafstad vgs heiter Jorunn Eldegard

Når er helsesøster tilstades?

Jorunn Eldegard er på skulen følgjande dagar:

Måndag 08.30 - 11.30    Torsdag 08.30 - 14.30    Fredag 08.30- 13.00.

Helsesjukepleiar er tilgjengeleg med spørsmål om bl.a. prevensjon kvar tysdag frå kl. 15.30 til kl. 17.30.

I desse "koronatider" kan du ringe frå kl. 09.00 til kl. 15.00 måndag, torsdag og fredag. På tysdag kan du ringe frå kl. 11.00 til kl. 17.30.

Kontoret til helsesjukepleiar finn du på Hafstad vgs i 2 etasje, ved kontora til rådgjevarane. Du kan bestille deg time ved å ringe 99 999 99. Du kan også berre komme innom og sjå om det helsesjukepleiar er ledig.

Kva kan du ta opp?

Skulehelsetenesta kan gje råd og rettleiing i generelle helsespørsmål som t.d.:
- Kosthald
- Samliv/seksualitet
- Prevensjon
- Kjønnssjukdommar
- Rusmiddel
- Vonde kjensler og tankar
- Spiseforstyrringar

Helsesøster kan henvise vidare til andre, t.d. lege og psykolog. du finn kontaktinformasjon nedst på sida her. 

Helsestasjon for ungdom er open kvar tysdag 15.00 - 17.00.
Det er inga timebestilling, berre møt opp! 
Gratis! 
Vi har teieplikt!
Adresse : Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje
57 63 75 84

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål til helsesøster Jorunn, så ta kontakt! Du kan også sende SMS til 99 29 36 75.

Jorunn Eldegard

Jorunn Eldegaard.jpg