Spesialpedagogikk og tilrettelagt opplæring

Ellrun 4, Foto Amalie Larsen Ovrid.jpg

Rådgjevar for tilpassa opplæring

Rådgjevar for tilpassa opplæring på Hafstad vgs er Ellrun Enny Aarseth, og det er Ellrun som har ansvaret for å organisere og samordne den tilpassa opplæringa ved Hafstad vgs. All vidaregåande opplæring skal tilpassast dei evnene og føresetnadene som den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten har, og skulane og lærebedriftene skal nytte varierte arbeidsformer.
 

Arbeidsoppgåvene for rådgjevar for tilpassa opplæring er mellom anna:

  • Organisere den tilpassa opplæringa
  • Halde kontakt med føresette
  • Vere kontaktperson for elevassistentar
  • Vere leiar for spes.ped.teamet/ teamet for tilpassa opplæring
  • Ha oversikt over spesiell tilrettelegging ved prøvar, og informere om dette
  • Samarbeide med ungdomsskular, PPT og andre i hjelpeapparatet

Tilrettelegging på prøvar og eksamen

Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging i samband med prøvar og eksamen, må du søkje skulen om dette. ALLE elevar må søkje, sjølv om dei søkte og fekk innvilga tilrettelegging førre skuleår. Har du ein kronisk sjukdom eller for eksempel dysleksi og har levert dokumentasjon til skulen på dette før, så trenger vi ikkje ny dokumentasjon.

Du logger deg inn i Visma InSchool (VIS) og søkjer under mine søknader – særskilt tilrettelegging ved eksamen - og vel i tilretteleggingstype, eller skriv i annet kva for fag du har behov for tilrettelegging i, og kva for tilrettelegging du treng.

Slik spesiell tilrettelegging kan vere:

PC med lese- og skrivestøtteprogram

Utvida tid

Kombinasjon skriftleg/munnleg prøving (Gjeld ikkje på eksamen).

Opplesing av oppgåvetekst

Munnleg høyring (Gjeld ikkje på eksamen).

Skjerma plass

NB! Munnleg for skriftleg og skriftleg for munnleg gjeld ikkje på eksamen 

I tillegg til ynskje om type tilrettelegging må dokumentasjon i frå sakkunnig, lege eller kartlegging (LOGOS) lastast opp saman med søknaden.

Du vil få tilsendt eit vedtak om du får innvilga eller ikkje innvilga søknaden. Vedtaket kan klagast på.

Søknadsfrist: så tidleg som mogeleg i skuleåret.

Samtykkeskjema

Samtykkeskjema for elevar over 18 år PDF document ODT document

Særskilt tilrettelagt opplæring

Du som treng særskilt tilrettelagt opplæring høyrer til i ein klasse og på eit programområde. Ut frå behov og føresetnader er opplæringa lagt til Læringshjørnet (individuelt eller i gruppe), til verkstad, klasserom eller eventuelt alternativ opplæringsarena.

Hovudmålet med opplæringa er å gje individuelt tilpassa og tilrettelagt opplæring som gir deg dugleik og kompetanse for vaksenlivet. Vi arbeider for å gje deg ein strukturert og oversiktleg skulekvardag, og legg vekt på å skape forståing for samanhengen mellom teori og praksis ved å setje læring inn i ein konkret samanheng.

Arbeidstrening, med fokus på korleis det er å vere i eit arbeid og krav i arbeidslivet, kan vere  eit alternativ for deg i kortare eller lengre periodar. Arbeidstreninga kan vere på eller utanfor skulen.

Vi legg vekt på:

  • Dine ressursar
  • Inkludering
  • Almendanning
  • Samspel, kommunikasjon og utvikling av samarbeidsevne
  • Meistring
  • Verdigheit
  • Kosthald og helse

Det vert utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP). Ved avslutta vidaregåande opplæring får du eit kompetansebevis med vedlegg som gir oversikt over din oppnådde kompetanse.

Vanlege utfordringar:

Dysleksi

Du treng oppdatert dysleksiattest (som du får hos PPT).

Du får mellom anna hjelp med installering og bruk av skrivestøtteprogram (Lingit, CD-ord, Textpilot). Hugs å ta med eigen lisens frå grunnskulen om du har.

Minoritetsspråkleg

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregåande opplæring.
Er du nykomen innvandrar med rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæringa før du byrjar i vidaregåande skule. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.

  • Dersom du har språklege problem, kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på opplæringa. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar.
  • Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår, bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.

Inntaksreglar for søkjarar med behov for tilrettelagt opplæring

Særskilt tilrettelagt opplæring:

Vedleggsskjema for søknad til vidaregåande opplæring, samt meir informasjon og handbøker

Elevar med dysleksi kan få fritak frå framandspråk. 

Eigne opplæringstilbod og læreplanar

Det er utarbeidd eigne opplæringstilbod og læreplanar for elevar som er

Spesialundervisning

Elevar og lærekandidatar som ikkje har eller kan få utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ellrun

Ellrun Enny Aarseth

rådgjevar for tilpassa opplæring
Ellrun svhv kvadratisk.jpg