Biblioteket

Elevar på biblioteket ved Hafstad vgs

Velkommen til skulebiblioteket! Biblioteket er ope alle dagar frå 08.00 – 15.30. Elevar og tilsette kan låne bøker og andre media her. Lurer du på noko, eller treng du hjelp til å finne noko? I så fall kan bibliotekar Berit Ekerbakke og Kristine Horstad hjelpe deg.

Kva tilbod finn du på biblioteket?

I tillegg til sjølve bibliotekrommet har me også:

  • Stille lesesal
  • ”Bibliotekstove” med gruppebord
  • Kopimaskin 
  • Digitale kamera og lydopptakarar

Bibliofil:

Samlinga i biblioteket på Hafstad vidaregåande skule er registrert i Bibliofil. Du kan søke etter bøker og filmar i Bibliofil ved å klikke på Boksøk og skrive tittel eller emne du leitar etter.

Utlånsreglar:

Når de skal låne bøker eller utstyr, brukar de utlånsmaskina. De kan bruke nasjonalt lånekort, eller følgje instruksen som står på utlånsmaskina. Lånetida på bøker og andre media er fire veker. Når de leverer kan de legga bøkene i innleveringskassen som står utanfor biblioteket, eller levere inne på biblioteket. Utlån av lærebøker: Alle må signere avtale om vilkår for utlån av læremiddel. Her er ei lenkje til skjema/lånekontrakt for nedlasting. Her er ei lenkje til eit digitalt skjema/lånekontrakt: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

Nasjonalt lånekort

I samband med utlån av lærebøker/materiell kan eleven få tildelt nasjonalt lånekort. For å få nasjonalt lånekort må eleven gje samtykke til at fødselsnummer vert lagra i Felles låneregister. Elevar som ønskjer nasjonalt lånekort må ta kontakt med skulen sitt bibliotek for å gje slikt samtykke. Nasjonalt lånekort kan nyttast i heile landet, på alle bibliotek. Dersom eleven ikkje ønskjer å registrere fødselsnummer, vil kortet berre kunne nyttast på skulen. Dette kan også no gjerast digitalt ved å følge lenken under og logge deg på med MinID/BankID 

Lånetid

Lånetida på bøker og tidsskrift er 4 veker
Oppslagsverk og ordbøker skal ikkje lånast med heim

For sein levering

Dersom bøkene ikkje vert leverte attende i rett tid vert det sendt 2 purringar via e-post. Etter 2 purringar vert det sendt rekning.
NB! Dersom lærebøker ikkje vert leverte ved skuleslutt vert det sendt rekning utan purring først.

Erstatning

Elevar er ansvarlege for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2 purringar utan reaksjon frå eleven vert det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar. 

  • CD-Ord (lese og skrivestøtte) I avtalen medfølger språkpakker (talesyntese, ordforslag og ordbøker) på bokmål, nynorsk og engelsk. Ta kontakt med IKT for tilgang til programvaren. Alle programma nyttar Feide innlogging. Les om avtalen

  • Filmrommet.no «Filmrommet er ein nettbasert klikkefilmtjeneste (video-on-demand) som tilbyr skular, bibliotek og offentlege institusjonar tilgang til over 2000 filmar». Innlogging til filmrommet.no kan du få i resepsjonen, hos IKT-tilsette på skulen eller på skulebiblioteket.

  • Forskning.no Nordens største nettbaserte kanal for formidling frå norsk og internasjonal forskning.

  • Europaportalen fakta om EU og norsk europapolitikk. Alle departementa gjev informasjon om saker som gjeld Noregs forhold til Europa, EØS og EU.

I biblioteket kan du søke informasjon, arbeide åleine eller i grupper, lese aviser og tidsskrift. Alle nye klassar får tilbod om opplæring i informasjonssøking og kjeldekritikk. Rettleiing med å finne stoff til oppgåver og prosjekt vert gitt av faglærar eller bibliotekar.

Kontaktinformasjon

Berit Ekerbakke

bibliotekar og undervisningsstilling
Berit, kvadratisk.jpg

Kristine Horstad

miljøfagarbeidar
kristine Horstad, kvadratisk.jpg