Skuleskyss

Til skolen.jpg

Her kan de ha ei eiga side eller berre lenke til transportselskapet (Skyss/Kringom) sine nettsider.

Det er Skyss som har ansvar for skuleskyssen i Vestland, og elevar som har rett på dette får innvilga gratis skuleskyss.

 

Kven har rett på gratis skuleskyss?

Vidaregåande skuleelevar kan ha rett på gratis skuleskyss dersom eit av følgjande kriterium er oppfylt:

  • Eleven bur utanfor Ungdomsbillett-sonen (utanfor felt merka grønt i kartet) og har lengre enn seks kilometer skuleveg.
  • Eleven er fylt 21 år og har lengre enn seks kilometer skuleveg (målt langs kortaste farbare veg).
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.

Dersom du meiner du har rett på gratis skuleskyss må du kontakte skulen, som søker om skuleskyss på vegne av elevane.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skulereisekort for buss kan søke sjølv.

Har du rett på gratis skuleskyss kan du lese meir om det på nettsida til Vestland fylkeskommune.

30-dagars ungdomsbillett Du må som hovudregel bruke 30-dagars ungdomsbillett til skuleskyssen. Dette gjeld også om du bur meir enn 6 km frå skulen. Det betyr at du som er funksjonsfrisk og under 20 år ikkje har rett på gratis skulereisekort.

Ikkje krav på skoleskyss? Gå inn på nettbutikken for meir informasjon og kjøp av billettar