00000 biologi1

Fagdag i biologi 1

Tysdag 30. november var Biologi 1 ved Hafstad vgs på fagdag i Storelva på Skilbrei. Vi var så heldige at vi fekk vere med to biologar i arbeidet deira, Thomas Ruud og Max Waalberg, miljørådgjevarar i Sweco.


Tekst: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Foto: Thomas Tefre, Amalie Bruket Mandelid og Kjellfrid Støylen Skilbrei

Thomas Ruud og Max Waalberg har ansvar for kartlegging av miljøfaktorar i Storelva på Skilbrei, i samband med eit større vegarbeid med tunnel frå Skilbrei til Bruland som Statens Vegvesen har ansvar for. Lenkje til prosjektet:  https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e39langelandmoskog/nyhetsarkiv/oppstart-reguleringsplan/

Ved slike store prosjekt er det viktig at ein har oversikt over kva økologiske konsekvensar ei slik utbygging får, og kva tiltak ein kan gjere på plannivå for å unngå at viktige økosystem vert øydelagde. Elevane fekk vere med å kartlegge nokre nøkkelartar for miljørådgjevarane og fokuset denne dagen var på ørretyngel, botndyr, og elvemusling. Elvemusling er lite truleg at det er i elva, men vi er spent på resultat frå ørretyngel og botndyr, som kan sei noko om kva økologisk tilstand elva er i.

Elevane ved Hafstad vgs er flinke å kle på seg i vinterkulda, så det var imponerande innsats i 2,6 graders vatn og -5 graders lufttemperatur, men det var godt å komme inn og varme seg på Skilbrei Ungdomssenter. Her åt vi ein god lunsj, og fekk litt varm drikke medan miljørådgjevarane hadde foredrag.

Thomas og Max hadde ein veldig fin presentasjon på korleis det er å vere rådgjevande biolog, kva utdanningsløp dei har tatt, kor viktig elvar og bekkar er for økosystema og kva tiltak ein kan gjere for å forbetre økologisk tilstand for bekkane.

Vi gler oss til å jobbe vidare med dette på feltarbeid til våren!

01 Biologi 1 ved Hafstad vgs.jpg

Foto: Fagdag Biologi 1, ved Hafstad vgs

02 Biologi 1 ved Hafstad vgs.jpg

Foto: Fagdag Biologi 1, ved Hafstad vgs