Hafstad vidaregåande skule
Bulandet

Feltarbeid i Bulandet

Elevane ved Hafstad vidaregåande si Biologi 2 gruppe var nyleg på feltarbeid i Bulandet, der dei såg på eit kystøkosystem. I følgje kompetansemål i biologifaget skal elevane lære å kartlegge organismar, miljø, og samspelet og tilpassingane mellom desse faktorane.

 

Tekst: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Foto: Frida Nygård, Marte F Bortheim og Kjellfrid Skilbrei Støylen

 

"Biologi er eit programfag som skal gjere bruk av naturen som læringsarena og på den måten leggje eit grunnlag for å oppleve glede og undring over naturen og respekt for han."  Dette er eit av føremåla med biologifaget, og fleire viktige kompetansemål i biologifaget viser kor viktig det er å vere på eit større feltarbeid. Ein skal kartlegge organismar, miljø, samspelet og tilpassingane mellom desse faktorane. Elevane ved Hafstad vidaregåande si Biologi 2 gruppe var difor på feltarbeid no i oktober på Bulandet, der vi såg på livet i fjæresona.

 

01 Frida Nygård (øvst) og Marte F Borth (nedst).jpg

Over: Dei to fotoa øvst - Frida Nygård, og fotoet nedst - Marte F. Bortheim

 

Bulandet er ei øygruppe som ligg langt til havs i Askvoll i Sogn og Fjordane. Økosystemet som vi undersøkte er særmerkt med at Bulandet ligg så langt vest altså at det er rett ut i storhavet utafor øyane. Det er difor eit kystøkosystem som er svært påverka av vind og bølger, noko som viser igjen på dei organismane som lev der. Elevane fekk kjenne på kroppen kor vêret påverkar organismar, både på dag 1 då det var ei særdeles hard regnbye i tillegg til vind, og på dag 2 då vi besøkte ei eksponert strand, der bølgene slo langt innover land og gjorde elevar og lærarar våte.

 

02 Jenny H Myklebust.jpg

Over: Foto - Jenny H. Myklebust

 

Elevane fekk arts- og slektskunnskap om både dyr, plantar og protistar, og kan no nemne vanlege artar av tang og tare og smådyr i fjæra som dei kanskje ikkje visste frå før. I tillegg greier dei å kople artane i hop til store næringsnett som viser kor viktig havet er for alle organismane som lev der og for oss som menneske. Landkrabbene frå Indre Sunnfjord har no altså blitt strandkrabber.

 

03 Kjellfrid Støylen Skilbrei.jpg

Over: Foto - Kjellfrid Støylen Skilbrei

Tips ein ven Skriv ut