Hafstad vidaregåande skule
Utstilling 01B

Flott utstilling i hallen

Denne veka blei det sett opp ei flott utstilling i hallen, med elevarbeid frå KDA-klassane. Utstillingsmøblane (bord og stativ) er designa og utført av elevar frå 2KDA i faget design og arkitektur, - saman med faglærar Svein Myklebust. Svein har også hatt hovudansvaret for idé og utforming av utstillinga.

Av dei utstilte arbeida er blant anna bæreposedesign, og boksar med dekor som optisk manipulerer den rektangulære forma. Det er også modellar av møbeldesign, portal og andre 3-dim. produkt. Maleriet er utført i det valfrie programfaget kunst og skapande arbeid. Frå faget kunst og visuelle verkemiddel (vg2) er det teikningar i kull og pastellkrit inspirert av barokken, og hovudplagg i kvitt papir/kartong med utgangspunkt i rokokkostilen. Den spennande barokkinspirerte kjolen er laga av vg3-elevar. Arbeida er utførte i KDA-fagstimar på ulike årstrinn, med hjelp frå alle programfaglærarane på KDA.

Utstilling bokser, bæreposer og maleri.jpg

Over: Utstilling i hallen på Hafstad vgs. Foto - Mona Fossdal

Utstilling barokkportrett og rokokko hovudplagg.jpg

Over: Utstilling i hallen på Hafstad vgs. Foto - Mona Fossdal